Hopp til innhald

Mark Wright: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Migne (diskusjon | bidrag)
Migne (diskusjon | bidrag)
Line 22: Line 22:
[[Kategori:Engelske fotballspelarar]]
[[Kategori:Engelske fotballspelarar]]
[[Kategori:Southampton-spelarar]]
[[Kategori:Southampton-spelarar]]
[[Kategori:Liverpool-spelarar]]

Versjonen frå 15. juli 2024 kl. 10:12

Mark Wright (fødd 1. august 1963) er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar som er mest kjend for sine år i Southampton FC og Liverpool FC, samt på det engelske landslaget. Han var ein duellsterk midtstoppar med fart og ein bra pasningsfot som kjennemerke.

Klubbspel

Wright skreiv kontrakt med Southampton våren 1982 og slo omgåande gjennom. I sin andre fulle sesong bidrog han sterkt til at klubben frå Sør-England kom på andreplass i ligaen. Mot 760 000 pund vart han sommaren 1987 overført til nyopprykka Derby County. Etter at Derby rykka ned i 1991, gjekk turen vidare til Liverpool til ein kostnad på 2,2 millionar pund. Eitt år seinare var Wright lagkaptein då Liverpool vann FA-cupfinalen 1992 med 2-0 over Sunderland AFC. Han la skorne på hylla i 1998.

Landslagsspel

Wright spelte 45 landskampar i tida 1984-96, dei to siste kampane kom våren 1996 etter eit opphald på nærare fire år. Han deltok i Fotball-VM 1986 og 1990, og Fotball-EM 1988. Wright skåra sitt einaste landslagsmål då England slo Egypt 1-0 i Cagliari under VM i fotball 1990.

Merittar

  • Vinnar av FA-cupen: 1992 med Liverpool FC
  • Finalist i FA-cupen: 1996 med Liverpool FC
  • Andreplass i den engelske ligaen: 1984 med Southampton FC

Kjelder