Artjom
- Denne artikkelen er om den russiske byen. For den russisk/ukrainske revolusjonære kjent som Artjom, sjå Fjodor Sergejev.
Artjom Артём | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Primorskij kraj | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1924 1938 | ||||
Borgarmeister | Vladimir Novikov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
506,4 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
102 445 202,3 /km² | ||||
Koordinatar | 43°21′00″N 132°11′00″E / 43.35000°N 132.18333°E | ||||
Høgd over havet | 40 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
VLAT (UTC+10) VLAST (UTC+11) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 692750–692764 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)42337 | ||||
Nettstad: www.artemokrug.ru |
Artjom (russisk Артём) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar (2008). Han ligg rundt 40 km nord for Vladivostok.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Busetnaden vart grunnlagt i 1924 nær Zybunnijgruva. Han er kalla opp etter den kjend revolusjonære Artjom (F. A. Sergejev). Den 26. oktober 1938 fekk Artjom bystatus. Artjom består av tre tidlegare urbanliknande busetnader: Uglovoje, Zavodskoj og Artjomovskij.
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Artjom har 29 industriføretak, der halvparten av desse er private. Av forbruksvarene som vert produsert i byen er møblar og porselen. Føretaka med flest tilsette er Primorskoje Gruveadministrasjon (3 500 tilsette) og Artjom-Mebel Møbelfabrikk (1 100 tilsette).
Kolgruvene har alltid vore grunnlaget for den lokale økonomien, men kolreservene er no praktisk talt uttømt. Utsiktene seier at transport vil vere den mest produktive industrien i byen i framtida.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Vladivostok internasjonale lufthamn ligg ved Artjom. I 1994 tente han 500 000 passasjerar, berre 28 % av kapasiteten. Det største jernbaneknutepunktet i Primorskij kraj ligg òg her. Årleg passerer 12 millionar tonn frakt gjennom Artjom til Vladivostok og 24 millionar tonn til Nakhodka.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Artjom» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.