Karmin
Utsjånad
H: Normalisert til [0–100] (hundre)
Karmin eller karminraudt er ein høgraud eller blodraud farge eller eit fargestoff. Det kjem hovudsakleg frå karminsyre (C22H20O13).
Karmin blir brukt som tilsetjingstoff i mat og drikke med E-nummeret E120. Det blir også brukt til å farga sminke,[1] tekstilar og andre fargeprodukt.
Ein har særleg fått pigmentet frå cochenillelus, ein type skjoldlus.[2] Karmin er eigentleg eit giftstoff som lusa produserer for å verna seg frå rovdyr.
Ordet karmin kjem frå fransk eller tysk, frå mellomalderlatin carminium, og er ei samanblanding av arabisk qirmiz, 'skarlak', og latin minium, 'mønje'.[3]
Kjelder
- ↑ Vanliga frågor - ingredienser
- ↑ «Karminsyre». Store norske leksikon. 4. juli 2017. Henta 21. desember 2017.
- ↑ «karmin» i Nynorskordboka.
- Denne artikkelen bygger på «Karmin» frå Wikipedia på bokmål, og «Karmin» frå Wikipedia på svensk den 19. mars 2019.