West Burra
West Burra | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordsjøen |
Koordinatar | 60°04′N 1°20′W / 60.07°N 1.34°W |
Øygruppe | Shetlandsøyane
|
Areal | 7,43 km²
|
Høgaste punkt | 217 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Shetlandsøyane |
Største busetnad | Hamnavoe
|
Demografi | |
Folketal | 753 (2001) |
Folketettleik | 101 /km² |
West Burra er ei av Scalloway Islands i Shetlandsøyane i Skottland. Ho har brusamband til East Burra. Med eit areal på 7,43 km² er ho den ellevte største av Shetlandsøyane.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Den sørvendte sandstranda ved Meal er ein populær badeplass. Ved sørenden av West Burra ligg Kettla Ness med imponerande klipper. Ho er landfast til West Burra via ein grus- og sandtombolo.
West Burra er landfast med Shetland Mainland via Trondra og ei rekkje bruer.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Hamnavoe er den største busetnaden på øya. Ein annan busetnad er Bridge End, kalla opp etter staden der brua går til East Burra.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet Papil sør på West Burra er ein norrøn referanse til papar, irske munkar. Ein har funne restar av ei gammal kyrkje samt ein runestein som i dag står på Shetland Museum[1].
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «West Burra» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins.