Hopp til innhald

Ívi Adámou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ívi Adámou

Fødd24. november 1993 (30 år)
FødestadAjía Nápa
FødenamnΉβη Αδάμου
OpphavKypros
Aktiv2009–
Sjangerpop
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypealt
PlateselskapSony Music Greece
Verka somsongar
Sambuar medMichalis Kouinelis
Ívi Adámou

Ívi Adámou (fødd 24. november 1993) er ein kypriotisk songar frå Ajía Nápa. Ho representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2012 med songen «La La Love».

Ívi Adámou har gresk-kypriotisk far og bulgarsk mor, men er oppvaksen på austkysten av Kypros. Ho har drive med musikk sidan barndommen, men vart kjend då ho deltok i den greske versjonen av X Factor i 2009, der ho enda på sjetteplass.

Etter deltakinga fekk ho platekontrakt med Sony Music i Hellas. Ho platedebuterte med EP-en Kalokairi Stin Kardia i 2010, som inneheldt fleire singlar. Ho har òg sunge på ein singel saman med ei gresk hip-hop-gruppe, Stavento'. Singelen «San erthei i mera» vart enormt populær i Hellas i 2010. I november same året gav ho ut Christmas with Ívi Adámou.

Ho vart internt utvald av den kypriotiske nasjonalkringkastaren, RIK, til å representera Kypros i Eurovision Song Contest 2012. I januar 2012 sendte RIK fjernsynsprogrammet A Song for Ívi, der ho song tre låtar. Vinnarlåta vart «La La Love».

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

«La La Love» vart framført i fyrste semifinalen, 22. mai 2012 i Baku. Songen gjekk vidare til finalen og enda på ein 16. plass.