Candidatus juris
Candidatus juris, for kvinner candidata juris (forkorta cand.jur.), er ei seksårig norsk akademisk grad i rettsvitskap. Etter kvalitetsreforma innan norsk høgare utdanning blir det ikkje lenger tilbode noko studium som fører fram til cand.jur.-tittelen. I staden har dei tre universiteta som tilbyr studie innan rettsvitskap (UiO, UiB og UiT) innført femårige profesjonsstudie som fører fram til ei mastergrad i rettsvitskap. Cand.jur.-grada vart delt ut siste gongen våren 2007.
Graden kvalifiserar kandidaten til å praktisere juss, som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller annan type jurist. For å bli advokat må ein i tillegg til å vere cand. jur. eller Master i rettsvitskap ha to års godkjend praksis og advokatkurset.
Sidan 1837 har studenten avgjeve følgjande løfte: «Aldri vidende at ville vige fra Ret og Retferdighet, mindre raade nogen til ufornøden Trætte eller i anden Maade med Raad eller Daad befordre nogen uretvis Sag eller Idræt.» Dette løftet er teke inn i vitnemålet, og er underforstått med eit handtrykk når dekanen overrekker vitnemålet. Juridisk fakultet ved Universitetet i Tromsø har kravt at kandidaten skriv under på ei erklæring om dette før dei delar ut vitnemålet.