Clinton Davisson
Clinton Joseph Davisson | |||
Clinton Davisson | |||
Fødd | 22. oktober 1881 Bloomington i Illinois i USA | ||
---|---|---|---|
Død | 1. februar 1958 (76 år) Charlottesville i Virginia i USA | ||
Nasjonalitet | Amerikansk | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | Fysikar | ||
Institusjonar | Princeton University Carnegie Institute of Technology Bell Labs | ||
Alma mater | University of Chicago Princeton University | ||
Doktorgradsrettleiar | Owen Richardson | ||
Kjend for | Elektronavbøying | ||
Influerte | Joseph A. Becker William Shockley | ||
Utmerkingar | Comstockprisen (1928) Elliott Cresson-medaljen (1931) Hughesmedaljen (1935) Nobelprisen i fysikk (1937) | ||
Ektefelle | Charlotte Davisson | ||
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences |
Clinton Joseph Davisson (fødd 22. oktober 1881 i Bloomington i Illinois, død 1. februar 1958 i Charlottesville i Virginia) var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1937 saman med George Paget Thomson «for den eksperimentelle oppdaginga deira av elektronavbøying i krystall».[1]
Han vart utdanna i Chicago og Princeton, og var frå 1911 til 1917 tilsett ved Carnegie Institute of Technology, fram til 1925 i Western Electric Co. og så fram til 1946 i Bell Telephone Laboratory. Han var professor i fysikk ved University of Virginia i 1947–1949.
Davisson fann i 1921 at refleksjonsevnen for elektron frå ein krystall var sterkt avhengig av refleksjonsvinkelen, ein effekt han då ikkje kunne forklare. Etter at Louis de Broglie i 1924 hadde sett fram teorien sin om bølgjenaturen til elektronet og W. M. Elsässer hadde påpeikt at teorien kunne etterprøvast ved å studere interferensfenomen etter refleksjon av elektronstråler frå krystallgitter, fortsette Davisson saman med L. H. Germer sine tidlegare undersøkingar.
Prisar (fysikk)
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Clinton Davisson» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Nobelprisen i fysikk 1937» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012.