Samanslutninga av søraustasiatiske statar
Utsjånad
(Omdirigert frå ASEAN)
Samanslutninga av søraustasiatiske statar | |||
Skipa | 8. august 1967 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | South Jakarta | ||
Verkeområde | Søraust-Asia, Aust-Asia, Sør-Asia | ||
Medlemmer | 20 | ||
Nettstad | https://asean.org |
Samanslutninga av søraustasiatiske statar (ASEAN: Association of Southeast Asian Nations) er ein internasjonal organisasjon med dei fleste landa i Søraust-Asia som medlemmar. ASEAN har som føremål å styrka den økonomiske, sosiale, og kulturelle utviklinga i regionen. Hovudkontoret ligg i Jakarta i Indonesia.
Organisasjonen vart skipa 8. august 1967 i Bangkok av Indonesia, Malaysia, Filippinane, Singapore og Thailand.
Brunei vart medlem i 1984, Vietnam i 1995, Laos og Myanmar i 1997 og Kambodsja i 1999.
Alle medlemslanda har underskrive SEANWFZ-avtalen, som slår fast at Søraust-Asia skal vera fri for kjernevåpen. Avtalen vart verksam i 1997.
Medlemsland
[endre | endre wikiteksten]År | Land |
---|---|
1967 | Filippinane |
1967 | Indonesia |
1967 | Malaysia |
1967 | Singapore |
1967 | Thailand |
1984 | Brunei |
1995 | Vietnam |
1997 | Laos |
1997 | Myanmar |
1999 | Kambodsja |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Association of Southeast Asian Nations» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Denne geografiartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.