Agnete Carlsen
Agnete Carlsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. januar 1971 (53 år) Moss kommune |
Idrett | fotball |
Tok del i | Sommar-OL 1996 |
Agnete Synnøve Carlsen (fødd 15. januar 1971) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Moss. Ho vart europameister 1993 og verdsmeister 1995 med Noreg. Carlsen deltok i 97 landskampar i tida 1988-97 og skåra 17 mål. Ho var både midtbanespelar, men etterkvart oftast høgreback i landslaget.
Carlsen spelte på Sprint-Jeløy frå 1987 til 1995 og var med å vinne to seriemeisterskap med laget frå Moss. Frå 1996 til -98 var ho under kontrakt med japanske Nikko, men somrane 1996 og 1997 var ho innom høvesvis Kolbotn IL og Athene Moss. Under opphaldet i Japan sanka ho tre seriepokalar og ein cuppokal.
Med det norske landslaget vart Carlsen europameister 1993 og verdsmeister 1995. Ho var fast på europameisterlaget, men var einast innbytar i to kampar under VM 1995. Carlsen var elles med på å tape EM-finalen både i 1989 og 1991, medan det enda med siger og bronsemedalje i kampen om tredjeplassen under Sommar-OL 1996.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1995 med Noreg
- Europameister: 1993 med Noreg
- EM-sølv: 1989 og 1991 med Noreg
- OL-bronse: 1996 med Noreg
- Seriemeister: 1990 og 1993 med Sprint-Jeløy
- Japansk seriemeister: 1996, 1997 og 1998 med Nikko
- Japansk cupmeister: 1997 med Nikko
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Agnete Carlsen» frå Wikipedia på bokmål, den 8. september 2018.