Hopp til innhald

Barnsley

Koordinatar: 53°33′N 1°29′W / 53.550°N 1.483°W / 53.550; -1.483
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barnsley

Barnsley frå Havercroft
Barnsley frå Havercroft
Barnsley frå Havercroft
Plassering
Barnsley is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap South Yorkshire
Distrikt Barnsley
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

71 173
Koordinatar 53°33′N 1°29′W / 53.550°N 1.483°W / 53.550; -1.483
Diverse annan informasjon
Postnummer S70-S75
Telefon-retningsnummer 01226
Commons har multimedium som gjeld: Barnsley

Barnsley er ein by i South Yorkshire i England. Han ligg ved elva Dearne omkring 20 kilometer nord for Sheffield, og er administrasjonsby for distriktet Barnsley. Byen ligg mellom kryss 36 og 37 på motorvegen M1.

Namnet Barnsley kjem frå angelsaksisk Beorn's lay, «Beorns rydning». Han er nemnd i Domesday Book (1086), og fekk charter for å halde marknader og ein årleg festival i 1249.

Tidlegare var kolgruvedrift viktigaste næringsvegen, men alle gruver er no stengde. Etter ein periode med høg arbeidsløyse har det vorte etablert ei rekkje nye serviceføretak i byen.

Det bur i overkant av 70 000 menneske i Barnsley.

Fotballklubben Barnsley FC spelar i Football League Championship.