Bleie
Utsjånad
- Sjå òg Bleie i Hardanger
Ei bleie er material ein legg rundt underlivet for å samla opp avføring. Bleier blir brukt av dei som er inkontinente eller har problem med å nå toalett i tide, til dømes små ungar og ein del funksjonshemma og eldre menneske. Også dei som må vera fast på ein viss stad i svært lang tid kan bruka bleier, til dømes vakter, dykkarar og astronautar.
Bleier har hovudsakleg vore av klede, men ein har òg brukt planteprodukt, som mose. I nyare tid er bleier laga av absorberande plastmateriale blitt populære.