Dogme
Utsjånad
Ein dogme er ei grunnsetning som ein utan prov eller grunngjeving legg til grunn som ei sanning. Ordet har opphav i gresk dogma, eigentleg 'meining', av dokein, som tyder 'meine' (same ord som i dosent).
Dogmar kan vere bruka som religiøse læresetningar eller som politiske grunnsetningar. Læra om dei kyrkjelege dogmane vert kalla dogmatikk.