Dag og Tid
Dag og Tid | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Type | Dagsavis | ||
Format | Tabloid | ||
Grunnlagd | 1962 | ||
Språk | nynorsk | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Nettstad | www.dagogtid.no |
Dag og Tid er ei nynorsk vekeavis. Utgjevarstaden er Oslo med adresse Pilestredet 8.
Avisa kom med fyrste prøvenummer i 1962, med den kjende NRK-profilen Arthur Klæbo som redaktør. Det skulle gå så lenge som seks år før avisa klarte å etablere stabil drift med vekentlege ugjevingar. Det skjedde frå 1968. Dag og Tid hadde eit oppsving kring striden med EF. På siste halvdel av 1970-talet kom avisa med to nummer i veka.
Dag og Tid er politisk sjølvstendig, men med ein klår motstraums og målpolitisk profil. Ho legg vekt på stoff om kultur og politikk, og gjer plass for innlegg og artiklar som dekkjer eit breidt spekter av samfunnsoppfatningar. Eigarskapet er spreidd på rundt 1200 aksjonærar.
Kjende namn i Dag og Tid opp gjennom historia har mellom anna vore Herbjørn Sørebø, Ivar Eskeland, Per Øyvind Heradstveit, Daniel Liseth, Olav Rytter, Kristin Fridtun, Jon Hustad[1] og Agnes Ravatn.
Redaktørar
[endre | endre wikiteksten]- Arthur Klæbo 1962
- Olav Maaland
- Tor Gabrielsen / Kjell Snerte 1967-
- Bjarne Myrstad 1974-1979
- Kjetil Tandstad 1976-1980
- Helge Arild Bolstad 1976-1985
- Asgeir Olden 1986-1990
- Arnhild Skre 1990-1993
- Audun Skjervøy 1993-2001
- Svein Gjerdåker 2001-dd
Opplag
[endre | endre wikiteksten]Bekrefta netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:[2]
|
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Norsk presses historie 1660-2010, Bind 4, side 72. Universitetsforlaget 2010. ISBN 978-82-15-01604-7
- ↑ Aviskatalogen, tall fra nettsidene til Mediebedriftenes Landsforening, arkivert frå originalen 25. februar 2012, henta 9. mars 2013
- Denne artikkelen bygger på «Dag og Tid» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Dag og Tid
- Medieregisteret: Dag og Tid Arkivert 2003-09-26 ved Wayback Machine. (Medietilsynet