Hopp til innhald

Distrikt i Serbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Distrikt i Serbia

Serbia er offisielt delt inn i 29 administrative distrikt (serbisk управни округ, upravni okrug), pluss hovudstaden Beograd, som er ein kommune, men har status på nivå med distrikta. Distrikta er igjen delte inn i kommunar og byar.[1]

For statistiske føremål er landet delt inn i fem statistiske regionar.

Dei fem distrikta i den autonome provinsen Kosovo og Metohija er kontrollerte av den delvis anerkjende sjølvstendige republikken Kosovo og utanfor kontroll av serbiske styresmakter.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Општине и региони у Републици Србији, 2023 (Kommunar og regionar i Republikken Serbia, 2023)» (på serbisk). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). 25. desember 2023. Henta 30. september 2024.