Eilabun
Eilabun | |||
עַילַבּוּן, עֵילַבּוּן, عيلبون, Illabun, Eilaboun, Ailabun | |||
lokal kommune | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°50′18.24″N 35°24′2.74″E / 32.8384000°N 35.4007611°E | ||
Areal | 4,84 km² | ||
Folketal | 4 400 (2005) | ||
Folketettleik | 909 / km² | ||
Grunnlagd | 1800-talet | ||
• Bystatus | 1973 | ||
Eilabun 32°50′18″N 35°24′03″E / 32.8384°N 35.400761111111°E | |||
Kart som viser Eilabun.
| |||
Wikimedia Commons: Eilabun |
Eilabun (arabisk عيلبون, Ailabun, hebraisk עַילַבּוּן, עֵילַבּוּן) er ein israelsk-arabisk lokal kommune i Israel, som høyrer til Nord distrikt i Beit Netofa-dalen. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå, Eilabun hadde eit folketal på 4 400 innbyggjarar i 2005.[1] Folkesetnaden er hovudsakleg kristne. I 1973 fekk Eilabun lokal kommunestatus av dei israelske styresmaktene.[2]
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]Eilabun er ein liten by i Galilea, 15 km sørvest for Safad nord i Israel, og har ein kristen majoritet, med ein muslimsk arabisk minoritet.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]I følgje Survey of Western Palestina kjem namnet Eilabun frå arabisk, og tyder «hard, steinte grunn.»[3] Ein israelsk teori er at staden vart bygd på den gamle staden «Ailabu» (hebraisk עַיְלַבּוּ), ein mogeleg variant av namnet Ein Levon.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det er funne sarkofagar skorne ut i stein, vest for landsbyen.[5]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 var han oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya («underdistrikt») i Safad liwa («distrikt») med eit folketal på 13 muslimske hushaldningar.[6]
I 1875 fann den franske oppdagaren Victor Guérin at landsbyen hadde eit folketal på kring 100 greske kristne, med eit «audmjukt» kapell. Han noterte ei glimrande vasskjelde og ruinar (mellom anna søyler) av gamle bygningar.[7] I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som «ein steinlandsby, godt bygd, med kring 100 kristne arabarar. Han ligg på ein kam, omgjeve av krattskog med dyrkbar mark i dalen. Ei god kjelde ligg vest for landsbyen.»[8]
Britisk styre
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1931 hadde 'Ailabun 85 busette hus og eit folketal på 404, 32 muslimar og 372 kristne.[9]
I 1945 bestod landsbyen av 530 kristne og 20 muslimar,[10] som eigde i alt 11 190 dekar land, medan 3 522 dekar land var offentleg.[11] Av dette var 1 209 dekar for plantasjar og irrigert land, 2 187 for korn,[12] medan 18 dekar vart utbygd land.[13]
Staten Israel
[endre | endre wikiteksten]Golanbrigaden frå Israel erobra Eilabun den 30. oktober 1948 — under den arabisk-israelske krigen i 1948, frå Den arabiske frigjeringshæren (ALA). Etter byen overgav seg, forhandla av fire prestar, utpeikte kommandanten av Golani-soldatane 14 unge arbarar og fekk dei avretta, i det som vart kjend som Eilabun-massakren. Landsbyen vart så plyndra.[14] Dei fleste innbyggjarane vart marjserte ut til den libanesisk grensa, medan hundrevis flykta til nærliggande kløfter, grotter og landsbyar.[15][16] Som ein del av ei semje mellom erkebiskop Hakim og leiaren for «den arabiske seksjonen» i Det israelske utanriksdepartementet, fekk innbyggjarar frå Eliabun i eksil i Libanon løyve til å vende attende sommaren 1949.[15] Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Den 25. april 2008 vart seks personar skadd, to av dei med alvorlege skadar, i ein slosskamp mellom drusarar og kristne nær Eilabun.[17] Den sekteriske konflikten var ein del av ein lanvarig strid mellom samfunna, som byrja i 2004 i byen Shefa-'Amr. I april 2008 byrja kampen av ukjende årsaker då drusarar marjerte mot gravstaden til Jetro, svigerfaren til Moses, på hovudvegen nær landsbyen Eilabun.[17] Deltakarar i marsjen kjempa mot innbyggjarar i landsbyen med skytevåpen og steinar.[17] Dei eldre frå drusarsamfunnet som var til stades klarte å roe gemyttane.[17] Konflikten enda etter ein offisiell forsoning mellom drusarane og dei kristne i 2009.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eilabun» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Benvenisti, Meron; Kaufman-Lacusta, Maxine (2000), Sacred Landscape: The Buried Historie of the Holy Land Since 1948, University of California Press, ISBN 0-520-21154-5
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestina. Vol 3; Galilea, pt. 1.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-00967-6.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestina.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Localities with populations over 1 000 Israelsk statistisk sentralbyrå
- ↑ Eilabun (Israel) Dov Gutterman, FOTW
- ↑ Palmer, 1881, s. 121
- ↑ HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 739. ISBN 965-448-413-7.
- ↑ Conder and Kitchener, 1881, s. 381
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 189.
- ↑ Guérin, 1880, s. 359-360
- ↑ Conder and Kitchener, 1881, s. 364.
- ↑ E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestina. s. 82.
- ↑ Government of Palestina, Village Statistics 1945.
- ↑ Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s.72
- ↑ Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 122
- ↑ Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 172
- ↑ Morris, 2004, s.479-480
- ↑ 15,0 15,1 Morris, 2004, s. 480
- ↑ Benvenisti, 2000, p 153-154
- ↑ 17,0 17,1 17,2 17,3 «Druze, Christian clash near Galilee village - Israel News, Ynetnews». Ynetnews.com. 20. juni 1995. Henta 29. september 2014.