Fossen Selfoss
Utsjånad
Selfoss | |||
foss | |||
Selfoss sett frå nordaust
| |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Del av | Jökulsá á Fjöllum | ||
Fossetype | Blokk | ||
Elv | Jökulsá á Fjöllum | ||
Totalt fall | 11 m | ||
Fossen Selfoss 65°47′54″N 16°22′57″W / 65.798333333333°N 16.3825°W | |||
Wikimedia Commons: Selfoss (waterfall) |
Selfoss er ein foss i elva Jökulsá á Fjöllum nord på Island, om lag 30 km før elva munnar ut i Grønlandshavet. Fossen har eit fall på 11 meter, men er mykje breiare enn han er høg.
Eit par hundre meter lenger nede i renn elva ut i Dettifoss, ein av dei kraftigaste fossane i Europa. Elva har sitt utspring ved isbreen Vatnajökull så vassføringa endrar seg derfor mykje og er avhengig av årstida, vêret og vulkansk aktivitet. Selfoss og Dettifoss er ein del av Jökulsárgljúfur nasjonalpark.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Selfoss (waterfall)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2007.