Fiat 128
Utsjånad
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Fiat 128 er ein bilmodell frå den italienske bilprodusenten Fiat og som blei produsert mellom 1969 og 1985. Modellen blei introdusert som erstattar for Fiat 1100. Han blei kåra til Årets Bil i Europa for 1970.
Fiat 128 var ved lanseringa ein avansert bilmodell. Han var blant dei fyrste personbilane med forhjulstrekk og tversmontert motor. Det var ikkje noko gjennombrot i seg sjølv, når mellom anna Mini var tidlegare ute med eit tilsvarande oppsett, men Fiat 128 hadde i tillegg drivakslar i ulik lengde, noko som gjorde det mogleg å plassere motor og girkasse side om side, eit oppsett som sidan har vore svært populært i små bilmodellar.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fiat 128» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2012.