Hopp til innhald

Fylkesveg 611

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylkesveg 611
611
Strekning
Naustdal i Sunnfjord– Eikefjord i Kinn
Informasjon
Lengd 60,2 km
Status
Fylke
fylkesveg
Vestland
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 611 Fv5696 Fv5697 Fv5699
Sjå òg Fylkesveg 611 (fleirtyding)

Fylkesveg 611 (Fv611) går mellom Naustdal i Sunnfjord kommune og Eikefjord i Kinn kommune.

Opphavleg vart Fylkesveg 611 bygd som riksveg mellom Naustdal og Stavang. Samstundes vart det bygd veg frå Eikefjord til Goldalsreset og vidare mot Sandvika. Seinare vart vegen mellom Goldalsreset og Stavang bygd, og heile vegen mellom Eikefjord og Stavang fekk nemninga Fylkesveg 542 i Sogn og Fjordane (Fv542).

I 2002 vart den nye traséen til Riksveg 5 mellom Brekka og Kvalvik opna, og med dette omgjekk vegen Eikefjord. Dimed overtok Fv542 traséen mellom Eikefjord og Kvalvik, medan traséen mellom Eikefjord og Brekke vart kommunal veg.

Den 1. januar 2010 trødde forvaltingsreforma i kraft og dåverande Riksveg 611 fekk status som fylkesveg. I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og Fylkesveg 542 i Sogn og Fjordane vart innlema som ei forlenging av Fv611.[1]

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]

Sunnfjord

Fjordavegen

Kinn

Brufjordvegen

Ausevikvegen

Vikavegen

  • Fv5696 Sunnarvik → Svardalsvegen til Osen (11,5 km)
  • Eikefjord kyrkje
  • Eikefjord → kommunal veg Knapstadbakkane til Fylkesveg 611 Knappstad (gamle Rv5 mellom Eikefjord og Knappstad)
  • Hovland
  • Fylkesveg 611 Kvalvik
  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]