Kiritimati
01°54′N 157°24′W / 1.900°N 157.400°W
- For «Christmas Island» i Indiahavet, sjå Christmasøya.
Kiritimati | |||
øy | |||
Land | Kiribati | ||
---|---|---|---|
Areal | 388,39 km² | ||
Folketal | 6 447 (2015)[1] | ||
Kiritimati 1°51′N 157°24′W / 1.85°N 157.4°W | |||
Wikimedia Commons: Kiritimati |
Kiritimati (IPA: [kəˈrɪsməs], òg kalla Christmas Island, «Juleøya») er ei øy i Polynesia som tilhøyrer staten Kiribati i Stillehavet. Øygruppa hennar er Linjeøyane. Kiritimati ligg rundt 3 250 km nordvest for hovudøya i Kiribait, Tarawa, og 2 150 km sør for Hawaii. Namnet Kiritimati er Christmas uttalt på det lokale språket kiribatisk.
Kiritimati er den største korallatollen i verda,[2] og den største øya på Kiribati, med eit landareal på 322 km². Øya er 44 km lang og 39 km brei. Det høgaste punktet er Joe's Hill på 12 meter over havet.
Det bur rundt 5 100 innbyggjarar på Kiritimati, fordelt på fire byar: Hovudbyen London, Banana, Poland og Tabwakea. Ved Banana ligg lufthamna til Kiritimati, Cassidy International Airport (IATA-flyplasskode: CXI).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Øya blei oppdaga av kaptein James Cook på julaftan 24. desember 1777,[2] og fekk dermed det opphavlege engelske namnet Christmas Island.
USA gjorde krav på øya i 1856. Ho blei likevel annektert av Storbritannia i 1889, og blei ein del av kolonien Gilbert- og Elliceøyane i 1919. I 1979 blei Kiritimati innlemma i den nyoppretta staten Kiribati.
Den 15. mai 1957 utførte Storbritannia si første prøvesprenging av ei hydrogenbombe lengst søraust på øya, etter at alle innbyggjarane var blitt evakuerte.[2] Både Storbritannia og USA gjennomførte seinare fleire prøvesprenginger på eller nær øya.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.webcitation.org/6RiBPOvsM?url=http://www.mfed.gov.ki/wp-content/uploads/2011/05/Census-Report-2010-Volume-1.pdf.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Kiritimati», Store norske leksikon, 14. august 2014, henta 31. januar 2016
- Denne artikkelen bygger på «Kiritimati» frå Wikipedia på bokmål, den 31. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Kiritimati ved janeresture.com
- Om geografien til Kiritimati ved oceandots.com