Kraljevo
Kraljevo Краљево | |||
---|---|---|---|
Sentrum i Kraljevo | |||
| |||
Styresmakter | |||
Region Distrikt |
Šumadija og vestlege Serbia Raška | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 1 530 km² | ||
Flatevidd - By |
1530 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2022) - Byområde |
110196 57432 | ||
Koordinatar | 43°43′24.31″N 20°41′13.11″E / 43.7234194°N 20.6869750°E | ||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 36000 | ||
Telefon-retningsnummer | (+381) 36 | ||
Bilnummer | KV | ||
Heimeside: www.kraljevo.org | |||
Plassering | |||
Kraljevo (kyrillisk Краљево) er ein by og kommune i Serbia ved elva Ibar, 7 km før ho munnar ut i Zapadna Morava, mellom Kotlenikfjella i nord og Stolovifjella i sør.
I 2022 hadde byen 57 432 innbyggjarar, medan kommunen hadde om lag 110 196 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Raška. Sjølve byen består av 16 busetjingar.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Han vart tidlegare kalla Rudo Polje (Рудо Поље), Karanovac (Карановац) og Rankovićevo (Ранковићево), og fekk det noverande namnet, som tyder «kongebyen», frå kong Milan (1868-1889).
Historie og attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Ved Žiča kloster ligg Kroningskyrkja, der sju kongar visstnok skal ha vorte krona. Kyrkja er bygd i austromersk stil og hovudtårnet er frå 1210.
Det kjende klosteret Studenica, ligg 39 km sørvest for Kraljevo, grunnlagd av kong Stefan Nemanja i 1190. Han vart sjølv munk her og vart kanonisert som Sankt Simeon.
Befolkningsutvikling
[endre | endre wikiteksten]År | Folketal[2] |
---|---|
1948 | 75 657 |
1953 | 82 454 |
1961 | 91 580 |
1971 | 106 153 |
1981 | 121 622 |
1991 | 125 772 |
2002 | 121 707 |
2011 | 125 488 |
2022 | 110 196 |
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadane i kommunen er:[2]
Folketal 2002 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
---|---|---|---|
Kraljevo | 58 847 | 64 175 | 57 432 |
Žiča | 3 982 | 4 972 | 4 656 |
Konarevo | 3 372 | 3 745 | 3 344 |
Ratina | 2 715 | 3 210 | 3 028 |
Adrani | 2 198 | 2 232 | 2 562 |
Mataruška Banja | 2 732 | 2 950 | 2 432 |
Kovanluk | 2 133 | 2 287 | 2 033 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kraljevo» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2009.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements» (xlsx). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). Henta 30. september 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «"Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022."». stat.gov.rs. Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024.