Kumøkk
Kumøkk er avføringa frå storfe som kyr og bøflar, ein mineralrik masse av ufordøyd plantemateriale som kan vera grønleg til svartfarga, men vanlegast brunleg. Møkka blir brukt over heile verda som gjødsel, men kan også brukast som energikjelde, byggemateriale, innan medisin og religion. I tempererte land som Noreg er møkka gjerne kjent som ei fuktig kuruke eller kukake, og sett på som illeluktande og ekkel, men i varmare land vil kumøkka raskt tørka, slik at ho lettare kan brukast til ei rekke ting.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Kraft
[endre | endre wikiteksten]Møkka kan vera ein viktig energikjelde. Kumøkk og bøffelmøkk er blitt brukt som brensel i uminnelege tider, mellom anna i India og på dei amerikanske Great Plains. I moderne tid har ein også teke i bruk møkka som biobrensel ved at ein vinn ut biogass, som metan og dinitrogenoksid, frå henne.[1]
Byggemateriale
[endre | endre wikiteksten]Kumøkk kan brukast til å bygga hus av, noko mellom anna masaiar gjer. I India er det vanleg å stryka eit lag uttynna kumøkk over veggar eller jordgolv. Dette vil verka avvisande mot insekt. I kaldare område fungerer kumøkk som eit varmeisolerande materiale.
Medisin
[endre | endre wikiteksten]Møkka har også bruksområde innan medisin. Ho har antiseptiske eigenskapar, og kan smørast på hud og sår.
I India har ein tradisjonelt behandla såret etter navlestrengen med kumøkk, men dette kan føra til infeksjonar.
Kumøkk i kulturen
[endre | endre wikiteksten]Religion
[endre | endre wikiteksten]Innan hinduismen blir oske av brent kumøkk brukt som eit heilag pulver som ein lagar pannemerke med.
Folketru
[endre | endre wikiteksten]Ein gammal skotsk skikk var å ta litt kumøkk i munnen til ein nyfødd kalv. Dette skulle verna han mot trolldom, eller kunne verna mjølka.[2]
Språk
[endre | endre wikiteksten]«Bullshit» ('okseskit'), eller forkortinga «bull», er eit engelsk omgrep som viser til tullprat. På siouxspråk, særleg lakota, kan også ordet for bøffelmøkk og kumøkk, «nik-nik», visa til løgner eller løftebrot.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Cow dung» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2008.
- 101 USES FOR COW DUNG Arkivert 2008-07-20 ved Wayback Machine.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lys og varme av kumøkk? Arkivert 2013-05-11 ved Wayback Machine. frå forskning.no
- ↑ «COW'S DUNG» i A Dictionary of Superstitions. Red. Iona Opie og Moira Tatem. Oxford University Press, 1996.