Hopp til innhald

Hamnavoe

Koordinatar: 60°6′19.75″N 1°20′7.44″W / 60.1054861°N 1.3354000°W / 60.1054861; -1.3354000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamnavoe
landsby
Land  Skottland
Kart
Hamnavoe
60°06′20″N 1°20′08″W / 60.10555556°N 1.33555556°W / 60.10555556; -1.33555556
Wikimedia Commons: Hamnavoe, West Burra

Hamnavoe (av norrønt Hafnavagr, 'Hamnevåg') er ein landsby på øya West BurraShetland i Skottland. Landsbyen ligg ved vågen Hamna Voe nordvest på øya. Vågen er skjerma frå Atlanterhavet av neset Fugla Ness. Staden har om lag 150 husstandar. Hamnavoe vart oppført som ein planlagd fiskarlandsby, samtidig med at det vart bygd bryggje for fiskebåtane. [1]. Tidlegare var det mange fiskefartøy som hadde Hamnavoe som heimehamn, men i dag er det ingen av dei større shetlandske fiskefartøya å sjå i Hamnavoe, no er det berre mindre båtar som driv skalldyrfiske att. Fiskeoppdrett har vorte ein viktig næringsveg i området.

Hamnavoe har butikk, postkontor, kyrkje, barneskule og samfunnshus. Det går buss mellom Hamnavoe og Scalloway to gonger om dagen.

Like ved Hamnavoe er det to ståande steinstøtter på 2,4 og 1,8 meter frå neolittisk tid, ca. 2000 f. Kr.

  1. Shetland.gov.uk: Burra and Trondra Community Council Area Statement Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.

(Denne artikkelen byggjer på «Hamnavoe» henta frå Wikipedia på bokmål og «West Burra» henta frå Wikipedia på engelsk 22. mai 2007.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Nettstader

[endre | endre wikiteksten]

60°6′19.75″N 1°20′7.44″W / 60.1054861°N 1.3354000°W / 60.1054861; -1.3354000