Hans Tausen
Hans Tausen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 1494 Birkende |
Død |
11. november 1561 (67 år) |
Yrke | lingvist, prest, omsetjar, teolog, bibelomsetjar, komponist |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Born | Jørgen Hansen Tausen |
Hans Tausen på Commons |
Hans Tausen (1494–11. november 1561)[1] dansk luthersk teolog, biskop under reformasjonen i Danmark-Noreg.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Han var munk i Antvorskov kloster, studerte i Rostock frå 1516, vart prestevigd og heldt fram studia sine i København frå 1521 og i Leuven frå 1522. Tausen studerte 1523 i Wittenberg under Martin Luther og vart snart ein trugen tilhengar av reformasjonen. I 1526 opptredde han som luthersk predikant i Viborg. Fredrik I tok han under vernet sitt.
Frå 1529 verka Tausen i København. Han vart med på å utarbeide Kyrkjeordinansen i 1537.[1] I 1538 vart han «lesemeister» (lektor) i teologi ved Københavns Universitet, og i 1541 biskop i Ribe. Han satt som biskop i Ribe til han døydde og er gravlagd i Ribe domkyrkje.
Omsetjinga hans av Mosebøkene, postillen og Psalmebog er utgjeve i faksimile (1932, 1934, 1944).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Thorkild C. Lyby. «Hans Tausen». Den Store Danske (på dansk). Gyldendal. Henta 20. mars 2017.
- «Hans Tausen». Store norske leksikon, fri lisens. Henta 20. mars 2017.