Hopp til innhald

Ivdel

Koordinatar: 60°41′00″N 60°26′00″E / 60.68333°N 60.43333°E / 60.68333; 60.43333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivdel
Ивдель
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Ivdel is located in Russland
Ivdel is located in Sverdlovsk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Sverdlovsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1831
1943
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)

17 800
Koordinatar 60°41′00″N 60°26′00″E / 60.68333°N 60.43333°E / 60.68333; 60.43333
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 34386

Ivdel (russisk Ивдель) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 18 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Ivdel, nær samløpet hennar med elva Lozva, rundt 430 km nord for Jekaterinburg.

Lozvinskij gorodok (russisk: Лозьвинский городок), den første russiske trefestninga aust for Uralfjella, vart bygt ved elva Ivdel i 1589. Staden var frå 1831 kjend som gullgruvebusetnaden Nikito-Ivdel (russisk: Никито-Ивдель) og seinare Ivdel. Gulag-leiren Ivdellag vart oppretta her i 1937 og han fekk bystatus i 1943.

Vêrdata for Ivdel
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C −13,6 −9,5 −0,1 7,4 15,1 21,7 23,8 19,4 12,6 4,9 −5,6 −11,2 5,4
Døgnmiddeltemperatur °C −18,9 −15,6 −6,4 1,7 8,5 15,2 17,7 14,1 8,2 1,2 −9,6 −15,9 0
Gjennomsnittleg min °C −24,1 −21,6 −12,6 −4 2 8,7 11,6 8,7 3,7 −2,5 −13,6 −20,5 −5,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 26,5 18 23,5 36,9 50,7 67,4 76,2 75,7 69,7 39,7 31,9 22,8 539
Kjelde: meteolabs.ru
Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.