Olav Rytter
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Olav Rytter | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. januar 1903 Kristiansund |
Død | |
Yrke | filolog, journalist, omsetjar, reporter, lektor, redaktør, radioprogramleiar |
Språk | norsk |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Henrik Rytter |
Olav Rytter på Commons |
Olav Rytter (29. januar 1903–7. juni 1992) var ein norsk journalist og omsetjar. Han er mest kjend som medarbeidar ved den norske avdelinga i BBC under andre verdskrigen.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Rytter var fødd iKristiansund[1] som son av lyrikaren og omsetjaren Henrik Rytter og Maren Ovidia Olsen.[2]
Han var gift med Dagny Jørgine Sausjord frå 1928 til 1945 og med Hanne Bull (fødd Stang) frå 1948. Gjennom den andre kona var han svigerson av Emil Stang d.y.[2]
Rytter vart utdanna filolog ved Universitetet i Oslo. Han studerte også ved Karlsuniversitetet i Praha, og spesialiserte seg på slaviske og indo-ariske språk.[1] Han var lektor i norsk i Praha og Warszawa frå 1928 til 1935.[3] I 1936 vart han tilsett som redaktør i den nystarta nynorske avisa Norsk Tidend.
Andre verdskrigen
[endre | endre wikiteksten]Ved krigsutbrotet 9. april 1940 arbeidde Rytter i nyhendeavdelinga i NRK. Han følgde regjeringa til Hamar, Elverum og Nybergsund. Han kom seg over til London via Stockholm og var på plass i BBC med norske sendingar frå 18. april 1940. Rytter vart verande ved BBC under heile krigen. Han deltok i frigjeringa av Finnmark i 1944 i operasjon Crofter, som sivil militær kaptein og tolk. Etter kapitulasjonen vart han i dåverande kronprins Olavs følgje tilbake til Noreg og var på plass i NRK med sin første reportasje av heimturen den 14. mai 1945.
Rytter skreiv boka Frå Nybergsund til Honnørbrygga i 1946. Boka inneheld enkelte reportasjar og intervju han gjorde som krigskorrespondent og progamsekretær ved BBC under krigen.
Etter krigen
[endre | endre wikiteksten]I perioden 1948 til 1953 var han sjef for dei Dei sameinte nasjonane sitt informasjonskontor i Praha. Han omsette fleire bøker frå indiske og slaviske språk, og fekk i 1975 Norsk kulturråd sin omsetjarpris.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 1975 fekk han Norsk kulturråd sin omsetjarpris. Rytter vart før andre verdskrigen utnemnd til riddar av Den kvite løveordenenen, og vart i 1947 forfremja til offiser for innsatsen for Tsjekkoslovakia under verdskrigen. Han var òg innehavar av Deltakarmedaljen, Haakon VIIs 70 års medalje, Kong Christian X fridomsmedalje og Medaljen for siger over Tyskland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Olav Rytter 85 år». Norwegian News Agency. 26. januar 1988.
- ↑ 2,0 2,1 Dahl, Hans Fredrik (28. september 2014). «Olav Rytter». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- ↑ «Olav Rytter». Store norske leksikon (på norsk). 30. juni 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Olav Rytter» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Publikasjonar av Olav Rytter i BIBSYS