Loch Tay
Loch Tay | |||
innsjø | |||
ved Kenmore (om våren)
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Dochart, Lochay | ||
Lengd | 23 km | ||
Areal | 26,4 km² | ||
Største djupn | 150 m | ||
Koordinatar | 56°30′56″N 4°08′46″W / 56.51556°N 4.14611°W | ||
Byar | Killin, Kenmore, Lawers | ||
Loch Tay 56°30′56″N 4°08′46″W / 56.515555555556°N 4.1461111111111°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Tay |
Loch Tay (skotsk-gælisk Loch Tatha) er ein innsjø sentralt i Dei skotske høglanda i Skottland, i distriktet Perthshire.
Han er ein lang og smal innsjø med ei lengd på 23 km og ei breidde på kring 1,5–2 km. Han er den sjette største innsjøen i Skottland ut frå areal og over 150 meter djup på det djupaste.
Ben Lawers på nordsida er med ei høgd på 1214 meter over havet det 10. høgaste fjellet på Dei britiske øyane.
Killin ligg ved enden av innsjøen og Kenmore ved utløpet til River Tay. Dei mindre busetnadane Acharn, Ardeonaig og Ardtalnaig ligg på sørsida av innsjøen, medan Fearnan og Lawers ligg på nordsida. Innsjøen får vatn frå elvane Dochart og Lochay, samt fleire mindre elvar.
Det er populært med laksefiske i innsjøen.
Innsjøen og området rundt er omtalt i den tradisjonelle skotske 'Loch Tay Boat Song'.
I jernalderen budde folk på menneskeskapte øyar i innsjøen, kalla crannogs. Ein har funne meir enn 20 slike crannogs, som i dag ligg under vatn. Ein crannog er gjennoppbygd sør i innsjøen.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Loch Tay ved Kenmore (om vinteren)
-
Loch Tay ved Kenmore (om sommaren)
-
Loch Tay Crannog
-
Loch Tay mot aust frå Morenish
-
Loch Tay
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Killin Arkivert 2020-06-11 ved Wayback Machine.
- The Scottish Crannog Centre