Hopp til innhald

Lewis Capaldi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lewis Capaldi

Fødd7. oktober 1996 (28 år)
FødestadGlasgow
OpphavStorbritannia
Aktiv2017–
Sjangerblue-eyed soul, pop, poprock, alternativ rock, softrock
Instrumentvokal, gitar, piano
PlateselskapCapitol Records, Virgin, Vertigo Records
Verka somsongar-låtskrivar, songar, komponist
PrisarBrit Award for British Breakthrough Act, Brit Award for British Single of the Year

Lewis Marc Capaldi (fødd 7. oktober 1996) er ein skotsk songar-låtskrivar fødd i Glasgow.[1][2] Capaldi fekk suksess hjå eit breiare publikum i 2018, og i 2019 nådde singelen hans «Someone You Loved» fyrsteplassen på UK Singles Chart.

Debutalbumet hans Divinely Uninspired to a Hellish Extent kom ut 17. mai 2019.[3]

Capaldi var fødd i Glasgow, men voks hovudsakleg opp i Bathgate i West Lothian. Han lærte seg å spela gitar då han var ni, og starta musikkarrieren sin i 12-årsalderen med å syngja på pubar.[4] Han slapp debutskiva si, Bloom EP, 20. oktober 2017 i eit samarbeid med den grammyprisvinnande produsenten Malay, som hadde arbeidd lenge saman med Frank Ocean.[5][6]

Capaldi fekk suksess gjennom å lasta opp opptak av seg sjølv i soverommet sitt på SoundCloud, som blei oppdaga av manageren Ryan Walter.[7][8] Den 31. mars 2017 slapp han den første låten sin, «Bruises». Låten var snart blitt spelt nær 28 millionar gongar på Spotify verda over, og Capaldi blei den usignerte artisten som raskast nokon gong hadde nådd over 25 millionar avspelingar på plattforma.[9] Like etterpå skreiv han kontrakt med plateselskapa Virgin EMI Records og Capitol Records .[10]

Høgare kjendisfaktor og europaturné (2017-2018)

[endre | endre wikiteksten]
Capaldi på Ilosaarirock i Joensuu i Finland i 2018 .

I slutten av 2017 blei Capaldi lista av Vevo DSCVR som ein av «Artists to Watch 2018».[11] Han var òg med på første Sound of-lista til BBC Music, Sound of 2018.[12]

Capaldi varma opp for Rag'n'Bone Man på europaturnéen hans i november 2017, og for Milky Chance på den nordamerikanske delen av Blossom-turneen deira i januar 2018. Han fekk merksemd ifrå kjendisar som Chloë Grace Moretz, Kygo, James Bay, Ellie Goulding og Niall Horan .[13][14] Horan bad Capaldi om å opna for han på to show på Flicker World Tour; på Glasgow SEC Armadillo i mars 2018. I mai 2018 følgde Capaldi med Sam Smith på hans The Thrill of It All European Tour, og varma opp for Smith på 19 konsertar. Deretter kunngjorde han at han skulle ut på ein ny turné i Storbritannia og Europa elles, på scenar med kapasitet for 2000 tilhøyrarar.

13. juli 2018 blei Capaldi del av BBC Radio 1 si «Brit List», som garanterte han tre Radio 1-spelelister. I august 2018 baud det irske indierockbandet Kodaline inn Capaldi som oppvarmar på ein konsert i Belfast.[15] Elles spelte Capaldi på fleire festivalar sommaren 2018, mellom anna Lollapolooza, Bonnaroo, Firefly, Mountain Jam, Osheaga, Reading & Leeds Festival, Rize og TRNSMT.

Capaldi gav ut sin andre EP, Breach, den 8. november 2018. Denne inneheldt dei tidlegare slopne singlane «Tough» og «Grace», i tillegg til den nye låten «Someone You Loved» og ein demo-versjon av «Something Borrowed».

2019–2020: Divinely Uninspired to a Hellish Extent

[endre | endre wikiteksten]

Breach-sporet «Someone You Loved» blei gjennombrotssingelen til Capaldi, og nådde topplistene i 29 land. Medan han var på turne med Bastille i 2019,[16] nådde songen fyrsteplassen på UK Singles Chart, og heldt posisjonen i 7 veker. Han nådde også fyrsteplassen på Billboard Hot 100, og blei med det den fyrste skotske soloartisten til å toppa listene i USA sidan Sheena Easton i 1981.[17] Songen blei nominert til ein grammypris for Song of the Year.[18] Ifølgje IFPI var songen den 9. største singelen i verda i 2019.[19] Eit anna spor frå Breach «Grace», nådde 9. plassen i Storbritannia same året.[20] Begge songane var med på debutalbumet til Capaldi, Divinely Uninspired to a Hellish Extent. Singelen «Hold Me While You Wait», som følgde albumet som digital nedlating,[21] gjekk inn på den britiske singellista på 4. plassen.[22]

Capaldi blei nominert til Brit Critics' Choice Award ved Brit Awards i 2019, men tapte for Sam Fender. Ved slutten av mars opna Capaldi det irske barnet Picture This i Irland.[23] I april kom dataspelet Days Gone ut med songen hans «Days Gone Quiet» som avsluttingssport.[24] Songen fekk nominasjonar frå Game Audio Network Guild Awards[25] og NAVGTR Awards.[26]

Capaldi opptrer i 2019

Sommaren 2019 opptredde Capaldi ved fleire festivalar, som Belsonic i Belfast, der han opna for The Killers,[27] og Glastonbury Festival.[28] Frå 16. til 26. august opna han for Ed Sheeran ved slutten av verdsturneen hans Divide på fire konsertar i Ipswich og Leeds.[29] Mot slutten av året blei ei utvida utgåve av debutalbumet hans gjeve ut i lag med singelen «Before You Go», som blei den andre topplåten hans på UK Singles Chart 31. januar 2020.[30][31]

Initiativet LiveLive[32] blei starta for å hjelpa konstergjengarar til å ha ei betre oppleving på konsertane hans.[33] Ved Brit Awards 2020 fekk Capaldi tre nominsajsonar, og vann to av dei. To songar skrivne av Capaldi blei også gjevne ut dette året: Rita Ora sin «How to Be Lonely» og Sigala sin «Lasting Lover».[34]

2021–no: Broken by Desire to Be Heavenly Sent

[endre | endre wikiteksten]

I mars 2021 kunngjorde Capaldi at han ville utsetja alle komande konsertar for å arbeida på det neste albumet sitt.[35] Han kom tilbake sommaren 2022 for å spela dei utsette konsertane, mellom anna ved TRNSMT-festivalen,[36] Latitude Festival,[37] og Isle of Wight Festival.[38]

Den fyrste singelen «Forget Me» frå andrealbumet hans, Broken by Desire to Be Heavenly Sent, [39] [40] kom ut i september 2022, og blei den fyrste songen hans til å byrja på toppen av UK Singles Chart.[41] Seinare same månaden kom frosenpizzamerket hans «Big Sexy Pizza» ut i dei britiske supermarknadane Iceland og Tesco.[42] Han fekk sin fjerde singel på fyrsteplassen med «Pointless» i januar 2023.[43] I april 2023 kom dokumentaren hans How I'm Feeling Now ut på Netflix.[44]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre | endre wikiteksten]
Tittel Detaljar
Divinely Uninspired to a Hellish Extent
  • Sloppe: 17. mai 2019[45]
  • Plateselskap: Virgin EMI
  • Format: CD, digital nedlasting
Broken by Desire to Be Heavenly Sent 2023
Tittel Detaljar
Bloom[46]
  • Sloppe: 20. oktober 2017
  • Plateselskap: Virgin EMI
  • Format: Digital nedlasting
Breach
  • Sloppe: 8. november 2018
  • Plateselskap: Virgin EMI
  • Format: Digital nedlasting

Prisar, utmerkingar og nominasjonar

[endre | endre wikiteksten]
År Organisasjon Kategori/Utmerking Rolle Resultat
2017 Scottish Alternative Music Awards Best Acoustic Act Seg sjølv Vann [47]
Scottish Music Awards Best Breakthrough Artist Award [48]
2018 BBC Sound of 2018 Inkludert [49]
Great Scot Awards Breakthrough Vann [50]
Forth Awards Rising Star Award [51]
2019 Brit Awards Critics' Choice Award Nominert [52]
MTV Brand New for 2019 Vann [53]
Q Awards Best Track "Someone You Loved" Vann [54]
BreakTudo Awards International New Artist Seg sjølv Nominert [55]
NRJ Music Awards International Song Of The Year "Someone You Loved" Nominert [56]
International Revelation Of The Year Seg sjølv Nominert [56]
BBC Teen Awards Best British Singer "Someone You Loved" Vann [57]
Best Single Seg sjølv Vann [57]
2020 Grammy Award Song of the Year "Someone You Loved" Nominert [58]
iHeartRadio Music Awards Best Lyrics Nominert [59]
Best New Pop Artist Seg sjølv Nominert
Brit Awards Male Solo Artist Nominert [60]
Best New Artist Vann
Song of the Year "Someone You Loved" Vann
Album of the Year Divinely Uninspired to a Hellish Extent Nominert
Global Awards Best Male Seg sjølv Nominert [61]
Best British Act Nominert
Best Mass Appeal Artist Vann
Most Played Song "Someone You Loved" Vann
Best Song of 2019 Nominert
Kids' Choice Awards Favorite Breakout New Artist Seg sjølv Nominert [62]
LOS40 Music Awards Best International New Act Nominert [63]
Best International Album Divinely Uninspired to a Hellish Extent Nominert
Best International Song "Before You Go" Nominert
MTV Video Music Awards PUSH Best New Artist Seg sjølv Nominert [64]
Ivor Novello Awards Most Performed Work "Hold Me While You Wait" Nominert [65]
"Someone You Loved" Nominert
Billboard Music Award Top Hot 100 Song Nominert
Top Radio Song Nominert
UK Music Video Awards Best Pop Video – UK "Before You Go" Nominert
American Music Awards New Artist of the Year Seg sjølv Nominert
Favorite Artist – Adult Contemporary Nominert
Favorite Song – Pop/Rock "Someone You Loved" Nominert
Scottish Music Awards Best UK Artist Seg sjølv Vann [66]
2021 iHeartRadio Music Awards Best Lyrics "Before You Go" Vann [67]
Ivor Novello Awards Most Performed Work Nominert [68]
"Someone You Loved" Nominert [69]
Billboard Music Awards Top Radio Songs Artist Seg sjølv [70]
ASCAP London Music Awards Songwriter of the Year Vann [71]
Winning Hot 100 Song "Before You Go"
Song of the Year "Someone You Loved"
Top Streaming Song
2022 NRJ Music Awards International Video of the Year "Forget Me" Nominert [72]
ASCAP London Music Awards Winning Hot Dance/Electronic Song "Lasting Lover" Vann [73]
MTV Europe Music Awards Best UK & Ireland Act Seg sjølv Nominert [74]
  1. «Lewis Capaldi - MusicBrainz». musicbrainz.org. Henta 14. april 2019. 
  2. Zycinski, Alan (22 February 2018) Who is Lewis Capaldi? The Bruises singer dubbed Scotland's Ed Sheeran supporting Sam Smith and Kodaline on his European Tour. The Scottish Sun.
  3. «Lewis Capaldi». www.facebook.com. Henta 9. april 2019. 
  4. «5 Songs You Need To Listen To This Week». 20 October 2017. 
  5. Murray, Robin (12 September 2017). «Lewis Capaldi Announces 'Bloom' EP». Clash Music. 
  6. «ICYMI: Lewis Capaldi Emanates Genuine Longing and Heartbreak In "Fade"». Ones To Watch. 
  7. «How Lewis Capaldi became a billion-stream superstar – according to his manager Ryan Walter». Music Business Worldwide. 16. september 2019. 
  8. «6 Lewis Capaldi used to cover songs by the The View and now he's collaborating with Jessie Reyez». 28 February 2018. 
  9. «Lewis Capaldi – Fade (Listen) – Mahogany». 6. oktober 2017. Arkivert frå originalen 9. oktober 2018. Henta 20. mai 2019.  Arkivert 9. oktober 2018 på Wayback Machine.
  10. «Excited to welcome @LewisCapaldi to the #CapitolFamily! Stay tuned for new music dropping tonight pic.twitter.com/UU0lfoyM7f». 
  11. «vevo dscvr – Lewis Capaldi». dscvr.vevo.com. 
  12. «BBC Music - BBC Music Sound Of, 2018 - Lewis Capaldi». BBC. 
  13. «Haha class! Cheers for sharing the tune @elliegoulding x». 
  14. «Lewis Capaldi – Lost On You (Live) huge fan of this man». 
  15. Capaldi, Lewis [@lewiscapaldi] (26 February 2018). «so buzzing to be asked by @Kodaline to open for them! Will be my first ever time in Belfast! X» (Tweet) – via Twitter. 
  16. «Bastille Announce Still Avoiding Tomorrow EU Tour 2019». Genre is Dead!. 12 October 2018. Henta 19 November 2022. 
  17. Bethany Minelle (30 October 2019). «Lewis Capaldi is first Scottish artist to get US number one in nearly 40 years». Sky News. 
  18. «Lewis Capaldi». The Recording Academy. Henta 8 November 2022. 
  19. «bad guy by Billie Eilish Named Biggest Global Single of 2019». International Federation of the Phonographic Industry. 10 March 2020. Henta 19 November 2022. 
  20. «Official Singles Chart Top 100». Official UK Charts Company. Henta 21 November 2022. 
  21. «Lewis Capaldi storms to Number 1 on the Official Trending Chart with Hold Me While You Wait». Official UK Charts Company. 8. mai 2019. Henta 21 November 2022. 
  22. «Official Singles Chart Top 100». Official UK Charts Company. Henta 21. november 2022. 
  23. Clayton-Lea, Tony (27 March 2019). «Picture This at 3Arena, Dublin: Everything you need to know». The Irish Times. Henta 19. november 2022. 
  24. «Days Gone Credits (PlayStation 4)». MobyGames. Henta 25. september 2022. 
  25. «‘Death Stranding’ Sweeps Gaming’s G.A.N.G. Awards With Six Wins Including Audio of the Year». Variety. 6. mai 2020. 
  26. «NAVGTR Awards Nominations Led by a Plague Tale Innocence (18) and Astral Chain (10)». Wccftech. 23 January 2020. Henta 19. november 2022. 
  27. «Belsonic presents: The Killers». OnTourNI. Henta 10 November 2022. 
  28. Beaumont-Thomas, Ben (29 June 2019). «Lewis Capaldi at Glastonbury 2019 review – laughter through the tears». The Guardian. Henta 10. november 2022. 
  29. «Lewis Capaldi Confirmed As Tour Support For Ed Sheeran». Stereoboard. Henta 27. september 2022. 
  30. «LEWIS CAPALDI ANNOUNCES DIVINELY UNINSPIRED TO A HELLISH EXTENT (EXTENDED EDITION) OUT NOVEMBER 22». UMusic. Henta 8.nNovember 2022. 
  31. Justin Myers. «Lewis Capaldi claims second chart-topper with Before You Go». OfficialCharts.com. Henta 31. januar 2020. 
  32. «INTERVIEW: Lewis Capaldi Talks Touring, Anxiety, And His New Album». Substream Magazine. Henta 4 October 2022. 
  33. Hawthorne, Katie (6. mars 2020). «Breathwork and gig buddies: Lewis Capaldi launches fan mental health scheme». The Guardian. Henta 26. september 2022. 
  34. «Credits for Lewis Capaldi». Tidal. Henta 22. november 2022. 
  35. «Lewis Capaldi postpones all shows until 2022 to focus on second album». NME. 26 March 2021. Henta 11. november 2022. 
  36. Mullen, Stacey (10. juli 2022). «Lewis Capaldi hails TRNSMT headlining show as the best of his f**king life». Glasgow Times. Henta 11 November 2022. 
  37. «Foals, Lewis Capaldi and Snow Patrol to headline Latitude 2022». NME. Henta 11. november 2022. 
  38. «Lewis Capaldi at the Isle of Wight Festival PHOTOS». Isle of Wight County Press. Henta 11. november 2022. 
  39. Aniftos, Rania (October 18, 2022). «Lewis Capaldi Announces New Album 'Broken By Desire to Be Heavenly Sent'». Billboard. Henta October 18, 2022. 
  40. «Lewis Capaldi surprises fans by playing new song at The O2 - and reveals when it'll be released». Sky News (på engelsk). Henta 6. september 2022. 
  41. «Lewis Capaldi Blasts to No. 1 In U.K. With ‘Forget Me’». Billboard. 19 September 2022. Henta 11 November 2022. 
  42. «Lewis Capaldi launches new pizza range in Tesco and Iceland». The National. 28 September 2022. Henta 12. april 2023. 
  43. Ainsley, Helen (13 January 2023). «Lewis Capaldi scores fourth Official Number 1 single with Pointless: “The support has been incredible”». Official Charts Company. Henta 13. februar 2023. 
  44. Shutler, Ali (4. april 2023). «Truth, Tourette’s and Elton John: dissecting Lewis Capaldi’s new Netflix doc». NME. Henta 6. april 2023. 
  45. «Divinely Uninspired to a Hellish Extent by Lewis Capaldi». Apple Music. 17. mai 2019. Henta 19. februar 2019. 
  46. «Bloom – EP by Lewis Capaldi». Apple Music. 20 October 2017. Henta 14 September 2018. 
  47. «SAMAs: 2017 winners announced». theskinny.co.uk. 13 October 2017. Henta 20. februar 2019. 
  48. «Emeli Sande and Lewis Capaldi big winners at SSE Scottish Music Awards». glasgowlive.co.uk. 3. desember 2017. Henta 20. februar 2019. 
  49. «BBC reveals its Sound of 2018 longlist». The Guardian. 27. november 2017. Henta 20. februar 2019. 
  50. «2018 Winners – Great Scot Awards». greatscotawards.co.uk. Arkivert frå originalen 4. august 2019. Henta 20 February 2019. 
  51. «Star Studded Forth Awards Ceremony celebrates Local Heroes, Sports plus Music Stars». whatsoninedinburgh.co.uk. 17 November 2018. Henta 20 February 2019. 
  52. «Brits critics' choice award won by Sam Fender». The Guardian. 7 December 2018. Henta 20 February 2019. 
  53. «Lewis Capaldi wins MTV PUSH: Ones to Watch 2019 artist vote». music-news.com. 30 January 2019. Arkivert frå originalen 26. juni 2019. Henta 20 February 2019. 
  54. «Q Awards: Stormzy, Lewis Capaldi and The 1975 among the big winners». Sky News. 17. oktober 2019. 
  55. «BlackPink e Pabllo Vittar são os destaques do BreakTudo Awards 2019; confira!». Poltrona Vip (på portugisisk). 20. oktober 2019. 
  56. 56,0 56,1 «Artistes nommés NRJ Music Awards 2019». NRJ.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 1. oktober 2016. Henta 14. oktober 2019. 
  57. 57,0 57,1 «Lewis Capaldi and Little Mix among winners at BBC Radio 1 Teen Awards». Evening Express (på engelsk). Henta 27. november 2019. 
  58. Gajanan, Mahita (20 November 2019). «Here Are the 2020 Grammy Award Nominations». Time. Henta 21 November 2019. 
  59. «2020 iHeartRadio Music Awards Nominees Revealed: See the Full List». iHeartRadio. 
  60. Hugh McIntyre. «Brit Award Nominations 2020: Full List Of Nominees». Forbes.com. 
  61. «Global Awards: Nominations revealed for 2020 show». LBC. 
  62. Denise Petski (13. februar 2020). «Nickelodeon's Kids' Choice Awards Nominations: 'Avengers: Endgame' Leads». Deadline.com. 
  63. «Los40 Music Awards 2020: conoce los nominados en este programa especial» (på spansk). LOS40 Music Awards. October 15, 2020. Arkivert frå originalen October 15, 2020. Henta October 17, 2020. 
  64. Melas, Chloe (30 July 2020). «Ariana Grande and Lady Gaga lead 2020 MTV VMA nominations». CNN. 
  65. «The Ivors». Ivor Novello Awards. Henta 6. september 2020. 
  66. Hannah Brown (28. november 2020). «Scottish Music Awards: Lewis Capaldi, Amy Macdonald and Biffy Clyro win awards whilst raising money for charity». The Scotsman. 
  67. Taylor Fields (7. april 2021). «2021 iHeartRadio Music Awards: See The Full List of Nominees». news.iheart.com. 
  68. Melas, Chloe (30 July 2020). «Ariana Grande and Lady Gaga lead 2020 MTV VMA nominations». CNN. 
  69. Melas, Chloe (30 July 2020). «Ariana Grande and Lady Gaga lead 2020 MTV VMA nominations». CNN. 
  70. «Billboard Music Awards 2021 Nominations: The Complete List». E! News. 
  71. «Lewis Capaldi Receives 4 ASCAP London Music Awards Including Songwriter of the Year for 'Someone You Loved' and 'Before You Go'...». ASCAP. 19 October 2021. Henta 21 December 2022. 
  72. «NRJ Music Awards 2022 - Tous les nommés par catégorie». NRJ. Henta 10 October 2022. 
  73. «2022 ASCAP London Music Awards». American Society of Composers, Authors and Publishers. 18 October 2022. Henta 21 December 2022. 
  74. «Check Out the 2022 MTV EMA Winners, Including Taylor Swift, Harry Styles, and Sam Smith». PopSugar. 13. november 2022. Henta 21 December 2022.