Hopp til innhald

Morfologien i hindi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hindi har eit lite kasussystem, med to-tre kasus. Verbbøyinga er større, med fleire grammatiske kategoriar. Samanlikna med andre indoeuropeiske språk er hindi midt på treet, med mindre bøyingsmorfologi enn språk som sanskrit, latin og norrønt, men meir enn i moderne norsk.

Eit av dei mest slåande trekka ved hindi er den utstrakte bruken av særskrivne postposisjonar.

Substantiv og adjektiv

[endre | endre wikiteksten]

Substantiv i hindi blir bøygd i tre grammatiske kasus, nominativ, akkusativ og vokativ. Dei blir bøygd i numerus, med trekka singularis og pluralis.

Hindi bruker postposisjonar, som fungerer på den same måten som preposisjonar bortsett frå at dei kjem etter substantivet og ikkje føre. Substantiva står i oblik kasus når dei har postposisjonar. Hindi har seks viktige enkle postposisjonar:

  • ne er brukt for å visa gjeraren, særleg i fortid med transitive verb.
आदमी ने दूध पीया
ādmī ne dūdh pīyā
(bokst: mann NE mjølk drakk)
Mannen drakk mjølka.
  • ko er brukt for å visa direkte og indirekte objekt, særleg viss dei har liv, rører på seg eller er abstrakte omgrep. Ein plar ikkje bruka postposisjon med andre direkte og indirekt objekt.
बच्चे को दूध दीजिए
Bacce ko dūdh dījie
(bokst: barn KO mjølk gje)
[Ver venleg å] gje mjølk åt barnet!
  • se er brukt på mest den same måten som «frå», men som alle postposisjonar kjem han etter substantivet. se er også brukt for å samanlikna to substantiv, som «enn» på norsk.
आदमी से दूध लीजिए
ādmī se dūdh lījie
(bokst: ‘mann frå mjølk ta’)
Ta mjølka frå mannen
  • meṃ kan tyda «i» eller «inn i».
मकान में सात कमरे हैं
Makān meṃ sāt kamre haiṃ.
(bokst: Hus i sju rom er.)
Det er sju rom i huset, eller huset har sju rom.
  • par er brukt på mest den same måten som «på», men blir òg nytta for å visa tidspunktet som ei hending skjedde rett etter.
बिल्ली छत पर है
billī chat par hai
(bokst: katt taket på er)
katten er på taket
  • er brukt for å visa eigaren. Hindi har ikkje genitiv, og eigetilhøve blir uttrykt med possessivpartilkelen :
उस आदमी का बेटा विद्यार्थी है
Us ādmī kā beṭā vidyarthī hai.
bokst.: den mann KA son student er. Strukturen kan samanliknast med garpegenitivkonstruksjonen: «Den mannen sin son er student».

Hindi har eit rikt system av hjelpeverb.

Konjugasjon

[endre | endre wikiteksten]

Tabellen nedanfor viser bøyinga av verbet करना / کرنا / karnā «å gjere» i indikativ. Rota av करना / کرنا / karnā er कर / کر / kar. Den andre kolonnen viser konjugasjon i andre person med तुम / تم / tum. For å bøye verbet med तू / تو / må ein bruke forma i 3sg, og for å bøye verbet med आप / آپ / āp må ein bruke forma i 3pl.

Enkel presens
Første person Andre person Tredje person
Mask. Sing. करता हूँ / کرتا ہوں / kartā hūⁿ करते हो / کرتے ہو / karte ho करता है / کرتا ہے / kartā hai
Mask. Pl. करते हैं / کرتے ہیں / karte haiⁿ करते हो / کرتے ہو / karte ho करते हैं / کرتے ہیں / karte haiⁿ
Fem. Sing. करती हूँ / کرتی ہوں / kartī hūⁿ करती हो / کرتی ہو / kartī ho करती है / کرتی ہے / kartī hai
Fem. Pl. करते हैं / کرتے ہیں / karte haiⁿ करती हो / کرتی ہو / kartī ho करती हैं / کرتی ہیں / kartī haiⁿ
Presens imperfektum
Første person Andre person Tredje person
Mask. Sing. कर रहा हूँ / کر رہا ہوں / kar rahā hūⁿ कर रहे हो / کر رہے ہو / kar rahe ho कर रहा है / کر رہا ہے / kar rahā hai
Mask. Pl. कर रहे हैं / کر رہے ہیں / kar rahe haiⁿ कर रहे हो / کر رہے ہو / kar rahe ho कर रहे हैं / کر رہے ہیں / kar rahe haiⁿ
Fem. Sing. कर रही हूँ / کر رہی ہوں / kar rahī hūⁿ कर रही हो / کر رہی ہو / kar rahī ho कर रही है / کر رہی ہے / kar rahī hai
Fem. Pl. कर रहे हैं / کر رہے ہیں / kar rahe haiⁿ कर रही हो / کر رہی ہو / kar rahī ho कर रही हैं / کر رہی ہیں / kar rahī haiⁿ
Presens perfektum
Første person Andre person Tredje person
Erstatt det andre hjelpeverbet रहा / رہا / rahā - रही / رہی / rahī - रहे / رہے / rahe i presens imperfektum
med hjelpeverbet चुका / چکا / cukā - चुकी / چکی / cukī - चुके / چکے / cuke
eller med लिया / لیا / liyā - ली / لی / - लिये / لیۓ / liye.
Det tredje hjelpeverbet må bli behalde. Ein del andre hjelpeverb kan også stå i posisjonen til det andre hjelpeverbet.
Enkel preteritum
Første person Andre person Tredje person
Erstatt hjelpeverbet हूँ / ہوں / hūⁿ - हो / ہو / ho - है / ہے / hai - हैं / ہیں / haiⁿ i enkel presens med hjelpeverbet
था / تھا / tʰā(mask. sing.) - थे / تھے / tʰe (mask. pl.) - थी / تھی / tʰī (fem. sing.) - थीं / تھیں / tʰīⁿ (fem. pl.)۔
preteritum imperfektum
Første person Andre person Tredje person
Erstatt det tredje hjelpeverbet हूँ / ہوں / hūⁿ - हो / ہو / ho - है / ہے / hai - हैं / ہیں / haiⁿ frå presens imperfektum med hjelpeverbet
था / تھا / tʰā(mask. sing.) - थे / تھے / tʰe (mask. pl.) - थी / تھی / tʰī (fem. sing.) - थीं / تھیں / tʰīⁿ (fem. pl.)۔
Det andre hjelpeverbet må bli behalde.
preteritum perfektum
Første person Andre person Tredje person
Erstatt det tredje hjelpeverbet हूँ / ہوں / hūⁿ - हो / ہو / ho - है / ہے / hai - हैं / ہیں / haiⁿ i Presens perfektum med hjelpeverbet
था / تھا / tʰā(mask. sing.) - थे / تھے / tʰe (mask. pl.) - थी / تھی / tʰī (fem. sing.) - थीं / تھیں / tʰīⁿ (fem. pl.).
Det andre hjelpeverbet må bli behalde.
Enkel futurum
Første person Andre person Tredje person
Mask. Sing. करूंगा / کروں گا / karūⁿgā करोगे / کرو گے / karoge करेगा / کرے گا / karegā
Mask. Pl. करेंगे / کریں گے / kareⁿge करोगे / کرو گے / karoge करेंगे / کریں گے / kareⁿge
Fem. Sing. करूंगी / کروں گی / karūⁿgī करोगी / کرو گی / karogī करेगी / کرے گی / karegī
Fem. Pl. करेंगे / کریں گی / kareⁿge करोगी / کرو گی / karogī करेंगी / کریں گی / kareⁿgī
futurum imperfektum
Første person Andre person Tredje person
Bøy hjelpeverbet रहना / رہنا / rahnā i Enkel futurum, som ovanfor
og bruk det etter det bøygde presens partisippet करता / کرتا / kartā.
futurum perfektum
Første person Andre person Tredje person
Erstatt det tredje hjelpeverbet हूँ / ہوں / hūⁿ - हो / ہو / ho - है / ہے / hai - हैं / ہیں / haiⁿ av presens perfektum
med hjelpeverbet रहना / رہنا / rahnā bøygd i Enkel futurum. The second auxiliary shall stay.
imperativ modus / subjunktiv (ønske/ordre)
Første person Andre person Tredje person
Mask. Sing. करूँ
/kərũː/
करो
/kəroː/
करे
/kəreː/
Mask. Pl. करें
/kərẽː/
करो
/kəroː/
करें
/kərẽː/
Fem. Sing. करूँ
/kərũː/
करो
/kəroː/
करे
/kəreː/
Fem. Pl. करें
/kərẽː/
करो
/kəroː/
करें
/kərẽː/

Presens partisipp her er करता /kərtɑː/ og preteritum partisipp er किया /kijɑː/ (med variant i dette tilfellet som करा /kərɑː/ — som ikkje er standardform) — begge to må bli bøygd som adjektiv når dei er brukt som adjektiv. Imperativ er eit unntak, den forma er /tuː/ og /ɑːp/. For den første av dei to er det कर /kər/, og for den andre er det कीजिये /kiːdʒijeː/ (med variationar i dette tilfellet करिये /kərijeː/ and करें /kərẽː/ — som blir betrakta som substandard). Futurum har også to andre kondisjonalformer, som vi kkje listar opp her.

Hindustānī har to diateseformer, —aktiv og passiv.

Ei stammeendring i nest siste staving av infinitiven kan føre til ei semantisk endring for mange verb, t.d. बनना /bənnɑː/ (å bli laga, å bli) → बनाना /bənɑːnɑː/ (å lage, gjere) → / बनवाना /bənvɑːnɑː/ (å få til å bli laga). See ff.

I mykje av den Punjabi-påverka regionen i nordvest-India, Pākistān, og den indian delstaten Rājastʰān blir pronomenet आप / آپ / /ɑːp/ brukt med verb bøygd i तुम / تم / /tum/-forma. t.d, आप / آپ / āp .... करोगे / کرو گے / karo ge, आप करो / آپ کرو / āp karo.


Tabellen under viser det personlege pronomenet i første, andre og tredje person, i ulike kasus og formalitetsnivå.

Første person Andre person Tredje person
Singular Plural Formell Informell Svært informell Singular Plural Singular Plural
Direct मैं / میں / maiⁿ हम / ہم / ham आप / آپ / āp तुम / تم / tum तू / تو / यह/ये / yeh/ye
یہ / yeh
ये / ye
یہ / yeh
वह/वो / vah/vo
وہ / voh
वे/वो / ve/vo
وہ / voh
Akkusativ मुझे / مجھے / mujʰe हमें / ہمیں / hameⁿ आपको / آپ کو / āpko तुम्हें / تمہیں / tumheⁿ तुझे / تجھے / tujʰe इस्से / اِس سے / isse इन्हें / اِنہیں / inheⁿ उस्से / اُس سے / usse उन्हें / اُنہیں / unheⁿ
Oblik मुझ- / -مجھ / mujʰ- हम- / -ہم / ham- आप- / -آپ / āp- तुम- / -تم / tum- तुझ- / -تجھ / tujʰ- इस- / -اِس / is- इन- / -اِن / in- उस- / -اُس / us- उन- / -اُن / un-
Genitiv मेरा / میرا / merā हमारा / ہمارا / hamārā आपका / آپکا / āpkā तुम्हारा / تمہارا / tumhārā तेरा / تیرا / terā इसका / اِسکا / iskā इनका / اِنکا / inkā उसका / اُسکا / uskā उनका / اُنکا / unkā

Språkslektskapet mellom hindi og norsk kjem klårt fram i talorda frå ein til ti.

Talrekkja frå 1 til 10 i hindi
Tal Devanagari Transkr Tal Devanagari Transkr
1 एक ek 6 छः chaḥ
2 दो do 7 सात sāt
3 तीन tīn 8 आठ āṭh
4 चार cār 9 नौ nau
5 पॉँच pāṃc 10 दस das

Konjunksjonar og subjunksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Eit særmerke ved dagens hindi er at konjunksjonar brukt i daglegtala er svært forskjellige frå konjunksjonar brukt i meir formelt eller litterært språk. Mange konjunksjonar brukt i daglegtala har kome inn til hindi frå andre språk. Det litterære språket bruker ikkje desse orda, og har henta konjunksjonar frå sanskrit i staden.

Vanlege konjunksjonar på Hindi
Dagleg form Litterær form Tyding
और aur तथा tathā, वा og
भी bhī अपि api også
या अथवा athavā eller
नहीं तो nahīṃ to अन्यथा anyathā elles
मगर magar किंतु kiṃtu, परन्तु parantu, तथापि tathāpi, men
इस लिए is lie अतः ataḥ, अतेव ateva difor
न तो... न... na to... na... न... न... na... na... verken... eller...

बाप और बेटा bāp aur beṭā «far og son»

Den viktigaste subjunksjonen på hindi er कि ki ‘at’, som står framfor setninga eller predikatet det modifiserer:

कया आप जानते हैं कि गाड़ी कब जाती है?
kyā āp jānte haiṃ ki gāṛī kab jātī hai?
Veit de, KI når toget går?

Andre subjunksjonar brukt på hindi inkluderer अगर agar «viss» (यदि yadi på litterært språk) og तो भी to bhī eller फिर bhī phir bhi «sjølv om» (यद्यपि... तथापि... yadyapi... tathāpi... på litterært språk).

Hindi er eit SOV-språk, og det har postposisjonar. Dei finitte hjelpeverba kjem til slutt, t.d. maĩ kām kartā hũ «eg arbeid gjerande er» «Eg arbeider». Adjektiva kjem før substantiva i nominalfrasen.

Orddanning

[endre | endre wikiteksten]

Orddanning i hindi skjer ved avleiiing (med suffiks eller prefiks), eller med samansetjing. Suffiksa er vanlegare enn prefiks. Prefiksa er stort sett lånt frå sanskrit, arabisk eller persisk.