Michael Staksrud
Michael Staksrud | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. juni 1908 Gran kommune |
Død | 10. november 1940 (32 år) Gjersjøen |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Vinter-OL 1936, Vinter-OL 1932, Vinter-OL 1928 |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje |
Michael Staksrud (2. juni 1908–10. november 1940) var ein norsk skeiseløpar frå Tingelstad i Gran kommune. Han vart i tida 1930-37 verdsmeister tre gongar, europameister to gongar og norsk meister ved to høve. I alt vann han til saman 15 meisterskapsmedaljar i NM, VM og EM i tida 1929-37. Staksrud var etter tur medlem i Brandbu Idrettsforening, Hamar Idrettslag og Oslo Skøiteklub. Saman med Ivar Ballangrud og Hans Engnestangen utgjorde Staksrud «Hadelandstrioen».
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Staksrud, som var son til ein gråsteinsmurar, debuterte i skeise-VM med ein sjetteplass i 1927. Året vart han nummer fem i VM, og i 1929 kom han på bronseplassen. I 1930 tok han på Frogner stadion sin fyrste VM-tittel, ein prestasjon han gjentok både i 1935 og 1937. Ved verdsmeisterskapen i 1932 og 1933 vart han begge gongane andremann. Staksrud vart noregsmeister i 1932 og 1934, i 1934 kleiv han også heilt til topps i europameisterskapen på Hamar.
Tre år seinare vann Staksrud i Davos EM for andre gong. Under 1500-meteren i Davos gjekk han i par med landsmannen Hans Engnestangen. Begge gjekk langt fortare enn Oscar Mathisen sin 23 år gamle verdsrekord på 2.17,4. Staksrud vann parløpet på rekordtida 2.14,9, eitt tidels sekund framom Engnestangen. Samstundes steig han til topps på den såkalla Adelskalenderen, ein posisjon han hadde i to år.
Staksrud vart i 1937 tildelt Morgenbladets gullmedalje for sine meisterskapstriumfar i EM og VM. Han drukna i Gjersjøen i Oppegård hausten 1940 under uklare omstendende etter ein fest.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Michael Staksrud» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1908
- Døde i 1940
- Norske skeiseløparar
- Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje
- Norske deltakarar under vinter-OL 1928
- Skeiseløparar under vinter-OL 1928
- Norske deltakarar under vinter-OL 1932
- Skeiseløparar under vinter-OL 1932
- Norske deltakarar under vinter-OL 1936
- Skeiseløparar under vinter-OL 1936
- Folk frå Gran
- Døde av drukning