Hopp til innhald

Snurrebass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prinsippet for ein snurrebass.
Tegning: Frederik Lunde, 2014
Snurrebassar frå Japan

Ein snurrebass er eit leiketøy som snurrar rundt sin eigene akse. I prinsippet består han av ei skive med ein smal pinne gjennom sentrum og vinkelrett på skiva.

Leken fungerer etter gyro-prinsippet, slik at når ein snurrar han over ei viss hastigheit, held spinnet på skiva snurrebassen oppe. Han stoppar ikkje å snurra før farten blir låg nok til at tyngdekrafta overvinner spinn-krafta, og han velter. Snurrebassar viser også det fysiske fenomenet presesjon.

Det finst snurrebassar i fleire ulike utføringar, og spinnet kan setjast i gang med ulike metoder: manuelle, mekaniske og elektriske.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Snurrebass
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.