Salzach
Salzach | |||
elv | |||
Land | Austerrike, Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 700 km² | ||
Lengd | 225 km | ||
Middelvassføring | 251 m³/s | ||
Kjelde | Kitzbühleralpane | ||
Munning | Inn | ||
Salzach 47°18′00″N 12°06′57″E / 47.3°N 12.1157°E | |||
Wikimedia Commons: Salzach |
Salzach er ei elv som renn gjennom Austerrike og Tyskland, og er ei av sideelvene til Inn med ei lengd på 225 km.
Namnet kjem frå det tyske ordet Salz som tyder «salt». Fram til 1800-talet var transport av salt ned elva ein viktig del av den lokale økonomien. Transporten på elva stoppa då jarnbanen erstatta det gamle transportsystemet.
Ho er ei av hovudelvene i den austerrikske delstaten Salzburg, og har sitt utspring i Kitzbühleralpane nær Krimml i Salzburg. Frå her renn ho nordover og passerer byane Hallein og Salzburg. Så dannar ho grensa mellom Bayern i Tyskland og Austerrike i om lag 70 km. Landsbyar langs denne siste delen av elva er Laufen, Tittmoning og Burghausen. Alle desse landsbyane har grenseovergangar. Elvar renn til slutt ut i Inn nær Braunau.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Salzach frå Engelsk Wikipedia .