Sinplus
Sinplus | |||
| |||
Opphav | Losone i Sveits | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Pop og rock | ||
Medlemmer | Ivan Broggini Gabriel Broggini |
Sinplus er ein sveitsisk duo. Duoen består av brørne Ivan og Gabriel Broggini.
Die grosse Entscheidungsshow
[endre | endre wikiteksten]3. november 2011 deltok dei i uttakinga til den franskspråklege kringkastaren Radio télévision suisse (RTS) med songen «Unbreakable», men gjekk ikkje vidare til finalen i Die grosse Entscheidungsshow. Fem dagar seinare, 8. november, deltok dei i uttakinga til den italienskspråklege kringkastaren Radiotelevisione svizzera di lingua italiana (RSI) og gjekk vidare til finalen. I finalen, som fann stad 10. desember 2011, tevla dei mot mellom anna den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest, Lys Assia. Sinplus vann tevlinga med 17,87 % av røystene og fekk representere Sveits i Eurovision Song Contest 2012.
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Sinplus starta som éin av dei ni fyrste i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2012, men gjekk ikkje vidare til finalen.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- 2012: Disinformation
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- 2011: Unbreakable
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sinplus» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2011.