Svitavy
Utsjånad
Svitavy | |||||
---|---|---|---|---|---|
Fredsplassen i Svitavy | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Kraj |
Tsjekkia Pardubice | ||||
Grunnlagd | Rundt 1150 | ||||
Borgarmeister | Jiří Brýdl | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 31,332927 km² | ||||
Flatevidd - By |
31,33 km² | ||||
Innbyggjarar - By (1.1.2015) - folketettleik |
17 117 558/km² | ||||
Koordinatar | 49°45′N 16°28′E / 49.750°N 16.467°E | ||||
Høgd over havet | 435 m | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | Jiří Brýdl | ||||
Heimeside: https://www.svitavy.cz/ | |||||
Nettstad: www.svitavy.cz | |||||
Plassering | |||||
Svitavy (tysk Zwittau) er ein by i Tsjekkia, som ligg i regionen Pardubice. Han har om lag 17 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd rundt 1150 då munkar sette opp ei kyrkje her og det voks opp ein landsby rundt kyrkja. Eit hundreår seinare flytta tysktalande nybyggjarar til området. Frå 1256 var Svitavy underlagd biskopane av Olomouc. Byen har vorte øydelagd to gonger, under trettiårskrigen vart byen rasert, og i 1781 førte eit uhell til at byen brann til grunnen. I 1866 vart det arrangert våpenkvile under den austerriksk-prøyssiske krigen her.
I 1930 var 88,4 % av innbyggjarane i byen tyskarar, men etter den andre verdskrigen vart tyskarane drive bort.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Svitavy» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2008.