Hopp til innhald

Wols

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wols
Pseudonym Wols
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 27. mai 1913
Berlin
Død

1. september 1951 (38 år)
gulag, Champigny-sur-Marne

Yrke kunstmålar, fotograf, grafisk designar, illustratør, pornoskodespelar, kunstnar
Sjanger abstrakt kunst, informell kunst
Far Robert Alfred Schulze
Wols på Commons

Wols eller Alfred Otto Wolfgang Schulze (27. mai 19131. september 1951) var ein tysk målar.

Han studerte først musikk og var ein kort stund elev ved Bauhaus, før han i 1932 flytta til Frankrike. Frå 1933 til 1937 arbeidde han som fotograf. Han illustrerte fleire diktsamlingar av Franz Kafka og Jean-Paul Sartre, og skreiv òg lyrikk sjølv. Han viste stor interesse for automatismen, og i måleria hans mellom 1946 og 1951 bygde han på førestillinga om måleriet som direkte kjensleuttrykk, sakt utan hjelp frå medvitet. Wols vart eksponent for såkalla tachistiske måleri, der fargeflekken og penselstrøket skulle uttrykke ein eigen materiell røyndom, der kunstnaren er opphavsmannen, men ikkje heilt den bestemmande.

«Wols» i Store norske leksikon, snl.no.