Tamra
Tamra | |||
טַמְרָה, תַמְרָה, طمرة | |||
by | |||
Namneopphav: Daddelpalme | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°51′12.56″N 35°11′52.36″E / 32.8534889°N 35.1978778°E | ||
Areal | 29,26 km² | ||
Folketal | 27 300 (2007) | ||
Folketettleik | 933 / km² | ||
Bystatus | 1996 | ||
Tamra 32°51′04″N 35°12′26″E / 32.851147222222°N 35.207108333333°E | |||
Kart som viser Tamra.
| |||
Wikimedia Commons: Tamra |
Tamra (arabisk طمرة, hebraisk טַמְרָה eller תַמְרָה) er ein arabisk by i Nord distrikt i Israel i Nedre Galilea, 5 km nord for byen Shefa-'Amr og kring 20 km aust for Akko. Namnet Tamra tyder daddelpalme på arabisk. Det er eit vanleg bynamn gjennom den arabiske verda.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tamra vart erobra av israelske styrkar frå Den arabiske frigjeringshæren og den syriske hæren i den arabisk-israelske krigen i 1948 som ein del av Operasjon Dekel. Den 20. mai 1948 vart den sivile folkesetnaden evakuert etter ordre frå arabiske irregulære styrkar. I følgje Benny Morris var det frykta at landsbyen skulle overgje seg til Yishuv.[1] Byen voks raskt dei første åra på grunn av mange palestinske flyktningar som flytta hit frå øydelagde landsbyar som al-Birwa eller al-Damun. Store jordbruksområde kring byen vart konfiskert av israelske styresmakter og gjeve til gardskollektiv og nærliggande jødiske busetnader som Mitzpe Aviv. Tamra fekk lokal kommunestatus i 1956 og bystatus i 1996.
Byen er kjend for det store meieriet «Rajeb-Tamra», som har ein viss del av meierimarknaden i Israel, særleg i den arabiske sektoren.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen på slutten av 2007 eit folketal på 27 300.[2] I 2001 bestod byen nesten utelukkande av arabarar (99,6% muslimar), utan noko signifikant jødisk folkesetnad.
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Fotballaget i byen er Hapoel Bnei Tamra og spelar i dag i Liga Artzit, det tredje nivået i israelsk fotball. Mindre klubbar er Hapoel Tamra og Maccabi Tamra, som spelar i Liga Bet, det femte nivået.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tamra» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Abu Fana, Mohammed (2009): Tamra Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine. Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 121.
- Kommunen Tamra (Israel)
- The Condition of the palestinsk Minority Exposed By New Book Reilly Vinall
- ↑ Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.67
- ↑ «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 5. oktober 2014.