Tsukioka Yoshitoshi
Tsukioka Yoshitoshi | |
Fødenamn | Owariya Yonejiro |
Alias | Tsukioka Yoshitoshi, 月岡 芳年;
Taiso Yoshitoshi 大蘇 芳年, Yoshitoshi |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 30. april 1839 Edo |
Død | |
Yrke | ukiyo-e artist, kunstmålar, grafikar, tresnitt, illustratør |
Språk | japansk |
Tsukioka Yoshitoshi på Commons |
Tsukioka Yoshitoshi (30. april 1839–9. juni 1892), også kalla Taiso Yoshitoshi eller berre Yoshitoshi, var ein japansk biletkunstnar.[1] Han er vidt kjend som den siste store meisteren innan sjangeren ukiyo-e, ein japansk type tresnitt. Han verka innan to historiske periodar - slutten av Edotida og dei første åra av Meiji.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Yoshitoshi var fødd i Shimbashi-distriktet i gamle Edo (noverande Tokyo). Fødenamnet hans var Owariya Yonejiro. Far hans var ein rik kjøpmann som hadde kjøpt seg status som samurai. Då han var tre år gammal blei Yoshitoshi send for å bu hjå onkelen sin, ein sonelaus faramsøyt som var svært glad i han. Då han var fem blei han interessert i kunst og fekk opplæring frå onkelen. I 1850, då han var 11, blei Yoshitoshi lærling hjå Kuniyoshi, ein av dei store meisterane innan japansk tresnitt. Kuniyoshi gav lærlingen sin kunstnarnamnet Yoshitoshi, som viser tilbake til Utagawa-skulen. Sjølv om han ikkje blei sett på som arvtakaren til Kuniyoshi i si levetid, er Yoshitoshi no rekna som den viktigaste eleven til Kuniyoshi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nussbaum, Louis Frédéric. (2005). «Tsukoka Kōgyō» i Japan Encyclopedia, s. 1000.
- Denne artikkelen bygger på «Yoshitoshi» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2019.