V for Vendetta
Sjå filmen V for Vendetta for filmen med same namn.
Forfattar(ar) | Alan Moore | ||
---|---|---|---|
Illustratør | David Lloyd | ||
Språk | engelsk | ||
Forlag | Quality Comics og Vertigo Comics(DC Comics) | ||
Lansert | 1982 | ||
Slutta | 1988 | ||
Status | (1982-1988) |
V for Vendetta er ein grafisk roman frå 1980-talet, skriven av Alan Moore og hovudsakleg illustrert av David Lloyd. Historia er sett til ei dystopisk framtid, der det fascistiske partiet Nosefire styrer Storbritannia. Den maskerte anarkisten V kjempar mot det totalitære regimet. Teikneserien blei til som ein protest mot Margaret Thatcher si regjering og utforskar eit mogeleg utfall truslar som atombomber kan ha på eit, i utgangspunktet, demokratisk samfunn.
Utgivingar
[endre | endre wikiteksten]Teikneserien hadde si spede byrjing i det engelske tegneseriebladet Warriors som vart utgitt av Quality Comics, der han blei utgitt sammanhengande frå 1982 til 1985. To bøker blei gitt ut i Warriors i denne perioden; "Vertigo" og "Vincent". Etter bok nummer to vart Warriors lagt ned, men 3 år seinare vart det som seinare skulle bli den siste boka, utgitt gjennom DC Comics i ein serie på ti månadlege publikasjonar. Serien vart i 1989 samla i eit hefte, som ein grafisk roman og utgjeven av DC Vertigo Imprint (ISBN 0-930289-52-8).