Vest-Attikí
Utsjånad
Periferieininga Vest-Attikí Περιφερειακή ενότητα Δυτικής Αττικής | |
---|---|
| |
Periferi | Attikí |
Hovudstad | Elevsína |
Folketal | 165 540 (2021[1]) |
Areal | 1 075 km² Rangering 45. |
Folketettleik | 154/km² |
Kommunar | 5 |
Postnummer | 1xx xx |
Retningsnummer | 210, 229x0 |
Heimeside | www.nada.gr |
Periferieininga Vest-Attikí (gresk Περιφερειακή Ενότητα Δυτικής Αττικής, Periferiakí enótita Dytikís Attikís) er ei av dei åtte periferieiningane i periferien Attikí.[2] Periferieininga dekkjer dei vestlege delane av storbyområdet til Aten og vestover, og hovudstaden er Elevsína.
Vest-Attika grensar til periferieininga Pireus og Saroniabukta i sør, til Korinthía og Korintbukta i vest, til Viotía i nord og til Aust-Attikí og Vest-Aten i aust.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Tidlegare var Vest-Attikí eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
---|---|---|
Vest-Attikí | Mégara | Mégara |
Néa Péramos | ||
Mándra-Idýllia | Mándra | |
Erythrés | ||
Inói | ||
Vília | ||
Elevsína | Elevsína | |
Magoúla | ||
Asprópyrgos | Asprópyrgos | |
Fylí | Fylí | |
Áno Liósia | ||
Zefýri |
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Áno Liósia | Fylí | 33 565 | 35 047 |
Asprópyrgos | Asprópyrgos | 30 251 | 31 381 |
Mégara | Mégara | 23 456 | 25 467 |
Elevsína | Elevsína | 24 910 | 24 971 |
Mándra | Mándra-Idýllia | 11 327 | 11 126 |
Zefýri | Fylí | 9 454 | 9 901 |
Néa Péramos | Mégara | 8 333 | 7 260 |
Magoúla | Elevsína | 4 735 | 4 956 |
Fylí | Fylí | 2 937 | 3 197 |
Erythrés | Mándra-Idýllia | 2 862 | 2 567 |
Kinéta | Mégara | 1 446 | 1 651 |
Vília | Mándra-Idýllia | 1 269 | 1 587 |
Vlykháda | Mégara | 1 462 | 1 297 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert