Hopp til innhald

Visp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Visp (fleirtyding).
Klassisk visp av bjørkekvister bundne saman med ståltråd. Foto: Roede
Tre ulike moderne vispar

Visp er ein kjøkenreiskap til å røre rundt eller blande saman ingrediensar til matlaging. Den kan vere laga av trepinnar som er bundne saman, av ståltråd eller av plast, med eller utan eit separat handtak av tre. Ordet visp er substantiv til det transitive verbet vispe ['ʋispə] = å røre raskt og kraftig rundt.

Mange sausar lagar ein ved å røre saman smelt smør og mjøl og deretter vispe inn mjølk eller ei anna væske til høveleg konsistens under oppvarming. For pannekaker, vaflar og fleire andre retter tek arbeidet til med å vispe saman mjøl, mjølk, smør og egg, krydder og eventuelt fløyte til blandinga får ein høveleg tjuktflytande konsistens. For andre typar bakverk kan det deretter vere naudsynt å elte inn mjøl, sukker eller andre ingrediensar til ein deig.