Pljevlja
Utsjånad
Pljevlja | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land |
Montenegro | ||
Grunnlagd | 600- eller 700-talet | ||
Borgarmeister | Dario Vraneš | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 1 346 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2023) |
24 542 | ||
Koordinatar | 43°21′N 19°21′E / 43.350°N 19.350°E | ||
Høgd over havet | 770 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 84210 | ||
Telefon-retningsnummer | 89 | ||
Bilnummer | PV | ||
Heimeside: pljevlja.me | |||
Plassering | |||
Pljevlja (kyrillisk Пљевља ) er ein by og kommune nord i Montenegro. Kommunen grensar til kommunane Žabljak, Bijelo Polje og Mojkovac i tillegg til Serbia og Bosnia-Hercegovina.
Kommunen har eit areal på 1 346 km² og er den tredje største i Montenegro ut frå areal. Byen ligg i ei høgd på 770 meter over havet og det høgaste punktet i kommunen er Ljubišnja på 2 238 moh, medan den lågaste delen av kommunen ligg ved Tarakløfta i 520 meter over havet. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 24 542 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]I 2011 hadde kommunen 30 786 innbyggjarar.[2] Dei største busetnadene i kommunen var:
Folketal 2011[2] | |
---|---|
Pljevlja | 19 136 |
Židovići | 694 |
Komine | 565 |
Šula | 340 |
Crljenice | 310 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pljevlja» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Preliminarni rezultati Popisa stanovništva, domaćinstava i stanova u 2023. godini (Førebels resultat av folketeljinga 2023 – hushald og bustader)». Monstat. 2023. Henta 11. september 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «POPIS 2011 - podaci (Folketeljing 2011 – data)». Monstat. 2011. Henta 11. september 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell side Arkivert 2008-02-21 ved Wayback Machine.
- Visit-Montenegro.com Arkivert 2013-09-21 ved Wayback Machine.