Hopp til innhald

Colin Dexter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colin Dexter
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 29. september 1930
Stamford
Død

21. mars 2017 (86 år)
Oxford

Yrke skribent, romanforfattar
Språk engelsk
Sjanger detektivforteljing

Norman Colin Dexter (29. september 193021. mars 2017) var ein britisk forfattar særleg kjend for å ha skapt kriminalheltane inspektør Morse og Lewis.

Dexter vart fødd og voks opp i Stamford i Lincolnshire. Han fullførte klassiske studiar ved Christ's College ved universitetet i Cambridge i 1953. Han var lærar i klassisk litteratur ved fleire skular før sviktande høyrsel tvinga han til å gå av i 1966. Han fekk arbeid for eksamenskomitéen University of Oxford Delegacy of Local Examinations (UODLE) i Oxford og arbeidde der fram til 1988.

Dexter byrja skriva om inspektør Morse som ein reaksjon på dårlege krimbøker på ein ferie. Den første boka om Morse kom ut i 1975 og den siste i 1999. Colin Dexter medverka også i fjernsynsserien om inspektør Morse, han kom med idéar og hadde korte opptredenar i mange episodar. Han har også hatt ei aktiv rolle i den påfølgjande serien om inspektør Lewis.

Colin Dexter hadde mange personlege likskapar med inspektør Morse, mellom anna ei stor interesse for kryptiske kryssord. Namna til Morse og Lewis kom frå «rivalar» av Dexter som stadig vann dette kryssordet i The Observer

Dexter døydde heime i Oxford den 21. mars 2017.[1]

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]

(på Macmillan)

  • 1975: Last Bus to Woodstock (på norsk: Siste buss til Woodstock, 1978)
  • 1976: Last Seen Wearing (på norsk: Savnede var iført …, 1979)
  • 1977: The Silent World of Nicholas Quinn (på norsk: Nicholas Quinns tause verden, 1980)
  • 1979: Service of All the Dead (på norsk: Døden i sakristiet, 1981)
  • 1981: The Dead of Jericho (på norsk: Den hengte i Jericho, 1982)
  • 1983: The Riddle of the Third Mile (på norsk: Den tredje gåten, 1985)
  • 1986: The Secret of Annexe 3 (på norsk: Anneksets hemmelighet, [1987)
  • 1989: The Wench Is Dead (på norsk: Mord på Oxfordkanalen, 1990)
  • 1991: The Jewel That Was Ours (på norsk: Den tapte juvel, 1992)
  • 1992: The Way through the Woods (på norsk: Veien gjennom skogen, 2008)
  • 1994: The Daughters of Cain (på norsk: Kains døtre, 2009)
  • 1996: Death Is Now My Neighbour (på norsk: Døden er nå min nabo, 2010)
  • 1999: The Remorseful Day (på norsk: Oppgjørets time, 2011)

Novellesamling

[endre | endre wikiteksten]
  • 1994: As Good as Gold (inkluderer Morse's Greatest Mystery, and Other Stories frå 1993)

Andre utgjevingar (som N. C. Dexter)

[endre | endre wikiteksten]

(saman med E.G. Rayner på Pergamon Press)

  • 1964: Liberal Studies (An Outline Course)
  • 1966: Guide to Contemporary Politics

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Colin Dexter, creator of Inspector Morse, dies aged 86». BBC News. Henta 21 March 2017.