Charles Le Brun
Charles Le Brun | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 24. februar 1619 Paris |
Død |
12. februar 1690 (70 år) |
Yrke | kunstmålar, arkitekt, dekoratør, designar, grafikar, grafikar, bygningstegner, biletkunstnar |
Sjanger | portrett, portrettmåleri, historiemåleri, religiøst maleri |
Medlem av | Académie royale de peinture et de sculpture |
Charles Le Brun på Commons |
Charles Le Brun (24. februar 1619–12. februar 1690) var ein fransk målar og arkitekt under barokken. Han var ein av dei fremste barokk-målarane, særleg kjend for sine utsmykkingar i franske slott.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Le Brun gjekk i lære hos Simon Vouet. Seinare studerte han i Roma, der han særleg vart inspirert av studiekameraten Nicolas Poussin. Etter han kom heim til Frankrike var han med å grunnleggje 'Académie Royale de Peinture et de Sculpture', og vart seinare leiar for institusjonen. Med tida vart Le Brun meir verksam som arkitekt og dekoratør enn som staffeli-målar. Han utsmykka mellom anna slottet 'Vaux-le-Vicomte', og frå 1660-talet Louvre og Versailles-slottet. Apollo-galleriet i Louvre og spegelgalleriet i Versailles er mellom dei aller beste dekor-arbeida hans.
Frå 1662 var han hoffmålar for Ludvig XIV. Året etter vart han sjef den statlege gobelinfabrikken. Verna av finansministeren i Frankrike, Jean-Baptiste Colbert, var han den leiande personen i kunstlivet i Frankrike til langt inn på 1680-talet.
Le Bruns elegante og dekorative klassisisme var typisk for landet under Ludvig XIV. Det er ein barokkstil med reine linjer lånt frå klassisismen, pompøs og med glinsande fargar og forgyllingar. Han måla i same akademiske tradisjonen som etterfylgjarane Charles de Lafosse (1636–1716) og seinare Pierre-Jacques Cazes (1676–1754).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Charles Le Brun» frå Wikipedia på svensk, den 28. september 2013.