Bolgar
Utsjånad
Bolgar Болгар | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Tatarstan | ||
Bystatus | 1781 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
8 391 | ||
Koordinatar | 54°58′00″N 49°02′00″E / 54.96667°N 49.03333°E | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 84347 |
Bolgar (russisk Болгар, tatarisk (latinsk) Bolğar) er ein by i Republikken Tatarstan i Russland med om lag 8000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, rundt 90 km sør for Kazan.
Den historiske byen Bulgar ligg like i nærleiken.
Dagens by fekk bystatus i1781. Han vart kalla Spassk fram til 1926, så Spassk-Tatarskij til 1935 og Kujbysjev (til ære for Valerian Kujbysjev) til 1991, då han til slutt fekk det noverande namnet sitt, Bolgar. I 1953 vart byen flytta frå staden han vart grunnlagt og nærare den historiske byen, på grunn av bygginga av Kujbysjev-reservoaret og oversvømminga av den opphavlege byen Spassk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bolgar» frå Wikipedia på bokmål, den 19. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.