Hopp til innhald

Blåsehòl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåsehòl hjå kvitkval

Blåsehòl er ei opning på hovudet hjå kvalar som svarer til nasen hjå andre dyr. Kvalane andar gjennom blåsehòlet. Når dei kjem til vassyta, støyter dei ut komprimert luft gjennom blåsehòlet.

Bardekvalar har to blåsehòl og tannkvalar har eitt.

«blåsehull» i Store norske leksikon, snl.no.