Hopp til innhald

Eksokrine kjertlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av vevsnitt som viser slimproducerande kjertlar i lunga.

Eksokrine kjertlar (glandula exocrina) er kjertlar i kroppen som utsondrar sekretet sitt på ei kroppsoverflate som huda, munnhola, magesekken eller tarmen. Dei skil seg frå endokrine kjertlar som skil ut sekret direkte i blodet.

Nokre eksokrine kjertlar er sveittekjertlane som skil ut sveitte på huda, spyttkjertlane i munnhola og fordøyingskjertlar som skil ut mage- og tarmsaft i mage- og tarmkanalen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.