Knut Brynildsen
Fødd | 23. juli 1917 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fredrikstad | ||
Død | 15. januar 1986 |
Knut Brynildsen (23. juli 1917–15. januar 1986) var ein norsk fotballspelar som i alle sine år som aktiv spelte på Fredrikstad Fotballklubb. I tida 1935-48 spelte han 18 landskampar og skåra ti landslagsmål. Mellom anna deltok han i fotball-VM i 1938.
Brynildsen var senterløpar hos Fredrikstad i mange sesongar, både før og etter andre verdskrigen. Han vart cupmeister i 1935, 1936, 1938 og 1940, og seriemester i 1938, 1939 og 1949. I 1936 skåra han begge måla då Fredrikstads vann cupfinalen 2-0 over Mjøndalen.
Brynildsen debuterte for Noreg i ein bortekamp mot Sveits i Zürich 3. november 1935, ein kamp som enda med tap 0-2. Han var senterløpar då Noreg i Marseille vart slått ut or fotball-VM 1938 av den blivande verdsmeisteren, Italia, som vann 2-1 etter ekstraomgangar. Etter verdskrigen var han i fleire kampar norsk landslagskaptein. Han spelte sin 18. og siste landskamp då Noreg 6. august 1948 slo eit USA-landslag med 11-0 på Ullevaal stadion, før den tid hadde han skåra 10 mål for Noreg.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Cupmeister med Fredrikstad: 1935, 1936, 1938 og 1940
- Vinnar av Norgesserien med Fredrikstad: 1938 og 1939
- Vinnar av Hovedserien med Fredrikstad: 1949
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Magnus Breili:Fotballboken. 1967