Hjalmar Falk
Hjalmar Falk | |||
| |||
Fødd | Peterolsen Groth Hjalmar Seierstedt Falk 2. april 1859 Vang kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 2. november 1928 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist, professor, filolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Hjalmar Sejersted Falk (2. april 1859–2. november 1928) var ein norsk språkforskar frå Vang i Hedmark.
Han vart student 1876 og tok språkleg-historisk lærareksamen 1882. Sidan var han i fleire år lærar i Kristiania, men heldt ved sida fram med vitskaplege studie, særleg av germanske språk og nordisk mytologi, til dels under stipendopphald i Tyskland og England. I 1888 tok han den filosofiske doktorgraden på avhandlingan «Om nomina agentis i det oldnorske Sprog», han vart universitetsstipendiat i 1890, dosent i 1895 og professor i germansk filologi ved Universitetet i Kristiania i 1897. Som universitetslærar, særleg som lærar i tysk, arbeidde han for ei meir praktisk og moderne språkundervisning. Han offentleggjorde ei rad arbeid av språkvitskapleg, filologisk og kulturhistorisk art, for det meste i «Nordisk Arkiv for Filologi» og i skrift utgjevne ved Videnskabsselskabet i Kristiania. Saman med Alf Torp utgav han Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog (1901–06). Han var leiar i komitéen som utarbeidde rettskrivinga av 1917.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Artiklar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Artikkelen byggjer på ei omsetjing frå bokmålswikipediaen, som oppgjev som kjelde
- Salmonsens konversationsleksikon. Anden Udgave
- Hjalmar Falk i Norsk Biografisk Leksikon