Hopp til innhald

Hugo Hildebrand Hildebrandsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hugo Hildebrand Hildebrandsson

Fødd19. august 1838
Stockholm, Kungsholm
Død29. juli 1925
Uppsala domkyrkoförsamling
NasjonalitetSverige
Områdemeteorologi
Yrkemeteorolog, universitetslærar, geograf
InstitusjonarUppsala universitet
Alma materUppsala universitet
MedlemVitskapsakademiet i St. Petersburg
Kungliga Vetenskapsakademien
Det russiske vitskapsakademiet

Hugo Hildebrand Hildebrandsson (19. august 183829. juli 1925) var ein svensk meteorolog, professor og sjef for det meteorologiske institutt ved Universitetet i Uppsala frå 1878 til 1907.

Han deltok i den internasjonale meteorologiske komitéen frå 1878 til 1907 og var viktig i organiseringa av det internasjonale samarbeidet i meteorologien. Han er kjend for klassifiseringa av skyer i lag med Ralph Abercromby og dei gav ut eit internasjonalt skyatlas i 1896. Hildebrandsson publiserte òg arbeid om atmosfærisk sirkulasjon og utnytta mellom anna rørslene til skyene til å estimere vinden i høgare luftlag.

Han var medlem av Det kongelege svenske vitskapsakademiet og sat i komiteen som avgjorde nobelprisen i fysikk.

«Hugo_Hildebrand_Hildebrandsson» i Store norske leksikon, snl.no.