Hopp til innhald

Hurrittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det omtrentlege områddet for hurrittisk busetjing i mellombronsealderen, vist i purpur.

Hurrittar (kileskrift Ḫu-ur-ri) var eit oldtidsfolk som snakka eit hurro-urartisk språk og levde i Midtausten, Anatolia og nordlege Mesopotamia i løpet av bronsealderen. Den største og viktigaste hurrittiske nasjonen var Mitanniriket, men mitanniane sjølv var eit indoeuropeisktalande hettittisk rike i Anatolia som til ei stor grad bestod av hurrittar og hattittar. Det var ein stor hurrittisk innverknad i hettittisk religiøs mytologi. Ved tidleg jernalder hadde hurrittane i stor grad vorte assimilert med andre folk, kanskje bortsett frå kongedømet UrartuDet armenske høglandet i austlege Anatolia, sentrert rundt dei fjellkledde regionane ved Vansjøen. I samsvar med hypotesane til russiske Igor M. Diakonoff og Sergej Starostin var hurrittiske, hattiske og urartiske språk nærskylde med nordaustkaukasiske språk.

For meir om dette emnet, sjå Hurrittisk.

Hurrittane snakka eit ergativt-agglutinerande språk, konvensjonelt kalla hurrittisk (ikkje i slekt med dei semittiske nabospråka eller indoeuropeiske språk), som kan ha vore eit isolert språk. Det urartiske språket i jernalderen er nærskyldt til eller ein direkte etterkommar av hurrittisk. Fleire kjende russiske lingvistar, som blant anna Sergej Starostin og Vjatsjeslav Ivanov, har hevda at hurrittisk og hattisk var nærskylde med nordaustkaukasiske språk.[1]

Frå 2000-talet f.Kr. og ut til slutten av 1700-talet f.Kr. kontrollerte Assyria koloniane i Anatolia, og hurrittane, som hattiarane, byrja å bruke assyrisk akkadisk kileskrift som deira eige skriftspråk frå 2000 f.Kr. Tekstar på hurrittisk språk har vorte funne ved Hattusa, Ugarit, omfram òg eit av dei lengste amarnabreva. Det vart skrive av kong Tushratta av Mitanni til farao Amenhotep III. Det var den einaste lange teksten som var kjend inntil ei litteratursamling av hurrittiske tekstar med hettittisk omsetjing vart oppdaga i Hattusa i 1983.

Hurrittisk løvefigur med medfølgjande steintavle med den eldste kjende hurrittiske teksten (Louvre).

Mellombronsealder

[endre | endre wikiteksten]

Hurrittiske namn opptrer sporadisk i den nordvestlege delen av Mesopotamia og i området Kirkuk i moderne Irak ved mellombronsealderen. At hurrittane var her er attestert ved Nuzi, Urkesj og andre stader. Med tida gjennomsyra og spreidde dei seg over ein brei boge av fruktbart jordbruksland som strekte seg frå elvedalen Khabur til foten av Zagrosfjella. Assyrologane Ignace Gelb og Ephraim Avigdor Speiser meiner at semittiske subartuarar hadde vore det lingvistiske og etniske folkeunderlaget i nordlege Mesopotamia sidan dei tidlegaste tidene medan hurrittane kom seinare.[2]

Elvedalen Khabur vart kjerneområdet for hurrittane i eit millenium. Det første kjende hurrittiske kongedømmet oppstod rundt byen Urkesj (dagens Tell Mozan) i løpet av 2000-talet f.Kr. Det er bevist at dei var allierte med Det akkadiske riket, noko som indikerer at dei hadde eit fast grep på området ved styret til Naram-Sin av Akkad (ca. 2254–2218 f.Kr.). Denne regionen hadde andre rike kulturar (Tell Halaf og Tell Brak). Bystaten Urkesj hadde ein del mektige naboar. Ved eit tidspunkt tidleg på 2000-talet f.Kr. vart Urkesj underkasta av det amorittiske kongedømet Mari. I dei pågåande maktstridane over Mesopotamia gjorde eit anna amorittisk dynasti seg til herrar over Mari på 1700-talet f.Kr. Shubat-Enlil (dagens Tell Leilan) var hovudstad i dette gammalassyriske kongeriket og vart oppretta eit stykke unna Urkesj ved ei anna hurrittisk busetjing i elvedalen Khabur.

Sein bronsealder

[endre | endre wikiteksten]

Hurrittane migrerte òg vestover i denne perioden. Ved 1725 f.Kr. oppheldt kulturen deira i dele av nordvestlege Syria, som til dømes Alalakh. Det amorittiske-hurrittiske kongeriket Yamkhad er nedteikna som kjempande for dette området med den tidleg hettittiske kong Hattusilis I ein gong rundt 1600 f.Kr. Hurrittane busette seg òg i kystregionen i Adaniya i landet Kizzuwatna. Yamkhad vart etterkvart veikt av dei mektige hettittane, men det opna òg Anatolia for hurrittisk kulturell innverknad. Hettittane var påverka av hurrittisk kultur i løpet av fleire hundreår.

For meir om dette emnet, sjå Mitanni og Det indoariske superstratet i Mitanni.

Hettittane heldt fram med å ekspandere sørover etter nederlaget til Yamkhad. Hæren til den hettittiske kongen Mursili I kom seg heilt ned til Babylon og herja byen. Øydelegginga av det babylonske kongedømet, omfram òg kongedømet i Yamkhad, bidrog til framvoksteren av eit anna hurrittisk dynasti. Den første herskaren var ein legendarisk konge ved namn Kirta som grunnla kongeriket Mitanni ein gong rundt 1500 f.Kr. Mitanniriket voks gradvis frå regionen rundt dalen Khabur og vart eit av dei mektigaste kongerika i tida rundt 1450-1350 f.Kr.

Ein del theonym (namn som syner til ein guddom), eigennamn og annan terminologi til mitanniane viser eit indoarisk superstrat, noko som indikerer at ein indoarisk overklasse tvang herredømet sitt over den hurrittiske folkesetnaden i løpet av den indoariske ekspansjonen.[3][4]

Andre hurrittiske kongedømme drog òg fordel av svekkinga av den babylonske makta på 1500-talet f.Kr. Hurrittane hadde busett seg i regionen nordaust for elva Tigris, rundt dagens Kirkuk. Dette var kongeriket Arrapha (Arrafa). Utgravingar ved Yorgan Tepe, Nuzi i oldtida, har vist seg å vere ein av dei viktigaste stadane for kunnskap om hurrittane. Kongar som Ithi-Teshup og Ithiya herska over Arrapha, men ved midten av 1400-talet f.Kr. var dei vortne underlagde som vasallar av storkongen av Mitanni. Arrapha sjølv vart øydelagt av assyrarane på 1300-talet f.Kr.

Samanbrotet i bronsealderen

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå samanbrotet til bronsealderen.

På 1200-talet f.Kr. hadde alle dei hurrittiske statane vorte overvunne av andre folkeslag. Hjartet i dei hurrittiske områda, elvedalen Khabur, hadde vorte ein assyrisk provins. Det er ikkje klårt kva som skjedde med det hurrittiske folket mot slutten av bronsealderen. Ein del forskarar har foreslått at hurrittane levde i landet Subartu nord for Assyria i løpet av den tidlege jernalderen. Den hurrittiske folkesetnaden i Syria i dei følgjande hundreåra synest å ha oppgjeve det gamle språket sitt og gått over til den assyriske dialekten av akkadisk, eller kanskje meir sannsynleg arameisk. Det skjedde på omtrent same tid då eit aristokrati snakka urartisk, tilsvarande gammalhurrittisk, og synest først å ha tvinga seg på folkesetnaden rundt Vansjøen og deretter oppretta kongeriket Urartu.

Kultur og samfunn

[endre | endre wikiteksten]
Kileskrift med hurrittisk språk.

Kunnskapen om hurrittisk kultur kviler seg på arkeologiske utgravingar på stader som Nuzi og Alalakh, omfram òg på tavler med kileskrift, hovudsakleg frå Hattusa, hovudstaden til hettittane. Kileskrift frå Nuzi, Alalakh, og andre stader med hurrittisk folkesetnader (påvist ved personnamn) avslører hurrittisk kulturelle trekk sjølv om dei vart skrivne på akkadisk. Hurrittiske sylindersegl vart med stor omhug skoren ut og viste ofte mytologiske motiv. Dei er ein nøkkel til å forstå hurrittisk kultur og historie.

Hurrittane var dugelege keramikarar. Keramikken deira er funnen i Mesopotamia og i landa vest for Eufrat. Dette var særs verdsett i det fjerne Egypt på tida kring det nye riket. Arkeologar nyttar omgrep som Khaburkeramikk og Nuzikeramikk for to typar av steingods gjort på dreiehjul. Khabur er karakteriserte av raudaktig måla linjer med geometriske triangulære mønster og prikkar, medan Nuzi har særs særskilde former og er måla i brunt eller svart.

Metallurgi

[endre | endre wikiteksten]

Hurrittane hadde eit godt omdømme for metallarbeidet sitt. Sumerarane lånte koparterminologien deira frå hurrittisk ordforråd.[5] Kopar var handelsvare sør til Mesopotamia frå høglanda i Anatolia. Khaburdalen hadde ein sentral posisjon i metallhandelen og kopar, sølv og sjølv tinn var tilgjengeleg i hurrittiskdominerte land som Kizzuwatna og Ishuwa på det anatoliske høglandet. Gull var det knappleik på, og Amarnabreva informerer om at det vart skaffa frå Egypt. Ikkje mange døme på hurrittisk metallarbeid har overlevd, utanom frå seinare Urartu. Ein del små, fine løvestatuettar vart oppdaga i Urkesj.[6][7]

Mitanniriket var særs kjent for hestane sine. Sjølv namnet på landet Ishuwa, som kan ha hatt ein stor hurrittisk folkesetnad, tydde «hestelandet».[8][9] Ein tekst som vart avdekt i Hattusa handlar om trening av hestar. Mannen som var ansvarleg for treninga var ein hurritt ved namn Kikkuli. Terminologien som vart nytta i samband med hestar inneheldt mange indoariske lånord.

Eit teikn på ei side av ei tavle der «Nikkals hymne» er skriven.[10]

Blant dei hurrittiske tekstane frå Ugarit finst òg dei eldste kjende døma på skriftleg musikk, datert til rundt 1400 f.Kr.[11] Blant desse fragmenta er det funne namn på fire hurrittiske komponistar, Tapšiẖuni, Puẖiya(na), Urẖiya, og Ammiya.[12]

Hurrittisk kultur hadde stor innverknad på religionen til hettittane. Frå det hurrittiske kultsenteret ved Kummanni i Kizzuwatna, spreidde hurrittiske religiøse førestellingar til hettittisk kultur. Synkretisme blanda gammalhettittiske og hurrittiske religionar. Hurrittisk religion spreidde seg òg til Syria der Baal vart ein motpart til Teshub. Dei seinare kongedøma i Urartu høgakta òg gudar av hurrittisk opphav. Hurrittisk religion, i ulike former, påverka heile Midtausten, utanom det gamle Egypt og sørlege Mesopotamia.

Dei fremste guddomane i hurrittisk gudeverd var:

  • Teshub, Teshup; den mektige vêrguden.
  • Hebat, Hepa; hustrua hans, modergudinna, sett på som ei solgudinne blant hettittane. Trekk lånt frå den sumeriske gudinna Kubau, kjend som Hawwah, den bibelske חוה, òg kjend som Eva blant aramearar og andre kulturar.
  • Sharruma, eller Sarruma, Šarruma; sonen deira.
  • Kumarbi; den gamle faren av Teshub; heimen hans er skildra i mytologien som byen Urkesj.
  • Shaushka, eller Shawushka, Šauska; var den hurrittiske motparten til den assyriske Ishtar, ei gudinne for fruktbarheit, krig og læking.
  • Shimegi, Šimegi; solguden.
  • Kushuh, Kušuh; måneguden. Symbol for sola og halvmånen opptrer saman i hurrittisk ikonografi.
  • Nergal; ein babylonsk guddom for underverda, men det hurrittiske namnet er ukjent.
  • Ea; var òg opphavleg ein babylonsk guddom, og kan ha påverka den kanaanittiske El, og dessutan ים Yam, gud av havet og elvane.

Hurrittiske sylindersegl avbilda ofte mytologiske vesen som til dømes menneske eller dyr med vengjer, drakar og andre monster. Tolkinga av desse avbildingane av gudar og truleg demonar er usikker. Dei kan ha vore vernande og vonde vesen. Ein del minner om assyriske Lamassu.

Dei hurrittiske gudane synest ikkje å ha hatt noko særskilt «heimetempel» som mesopotamisk religion og den egyptiske religionen i oldtida. Ein del viktige kultsenter eksisterte i Kummanni i Kizzuwatna, og den hettittiske Yazilikaya. Byen Harran vart minst seinare eit religiøst senter for måneguden, og Shauskha hadde eit viktig tempel i Ninive på den tida då byen var underlagd hurrittisk styre. Eit tempel for Nergal vart bygt i Urkesj på slutten av 2000-talet f.Kr. Byen Kahat (dagens Tell Barri i nordlege Syria) var eit religiøst senter for Mitanniriket.

Den hurrittiske myten «Ullikummis songar», bevart i hettittiske tekstar, er ein parallell til greske Hesiodos si Theogonien, kastrasjonen av Uranos kan ha vore avleidd frå kastrasjonen av Anu av Kumarbi, medan Zevs sitt opprør mot Kronos og Uranos, dei svelgjande gudane, er som den hurrittiske myten om Teshub og Kumarbi.[13] Den frygiske gudinna Kybele kan ha vore ein motpart til den hurrittiske gudinna Hebat.

Hurrittiske busetjingar er spreidd over tre moderne land, Irak, Syria og Tyrkia. Hovudområdet til den hurrittiske verda er snitta opp av dagens grense mellom Syria og Tyrkia. Fleire stader ligg i sjølve grensesonen, noko som gjer tilgjenge til undersøkingar og utgravingar problematisk. Ein trussel mot dei arkeologiske stadene er dei mange damprosjekta langs dalføra Eufrat, Tigris og Khabur. Fleire redningsaksjonar har allereie vorte sette i gang då konstruksjonar av demningar har sett heile dalar under vatn.

Den første store utgravinga av hurrittiske stader i Irak og Syria byrja på 1920- og 1930-talet. Dei vart leia av den amerikanske arkeologen Edward Chiera ved Yorghan Tepe (Nuzi), og den britiske arkeologen Max Mallowan ved Chagar Bazar og Tell Brak. Nyare undersøkingar og utgravingar som er i gang, er sette i gang av amerikanske, belgiske, danske, franske, tyske og italienske grupper av arkeologar, og med anna internasjonal deltaking, men i samarbeid med syriske styresmakter. Telleine, eller byhaugane, har ofte avslørt ei langvarig busetjing frå byrjinga av neolittisk tid, og avslutta i romersk tid eller noko seinare. Den karakteristiske hurrittiske keramikken, Khabur-steingods, er nyttig for å avgjere dei ulike arkeologiske laga for busetjing innanfor haugane. Hurrittiske busetjingar er vanlegvis identifiserte frå midtre bronsealder til slutten av sein bronsealder, og med Tell Mozan (Urkesj) som det fremste unntaket.

Viktige stader

[endre | endre wikiteksten]

Lista nedanfor omfattar ein del viktige oldtidsstader frå område dominerte av hurrittisk kultur.

  1. Jaimoukha, Amjad (2004): The Chechens: A Handbook, Taylor & Francis
  2. Gelb, Ignace J.(1963): The History of Writing, University of Chicago Press
  3. Mayrhofer, Manfred (1960): «Welches Material aus dei Indo-arischen von Mitanni verbleibt für eine selektive Darstellung?» i: Neu, E. (rei.): Investigationes philologicae eit comparativae: Gedenkschrift für Heinz Kronasser (Wiesbaden, O. Harrassowitz 1982), 72-90
  4. Thieme, Paul (1960): «The 'Aryan Gods' of the Mitanni Treaties» i: Journal of the American Oriental Society 80, s. 301-317
  5. Fournet, Arnaud (2010): «The Indo-European Elements In Hurrian» (PDF), La Garenne Colombes / Charleston
  6. McElroy, Tiffany: «The discovery of yesterday» Arkivert 2008-08-20 ved Wayback Machine.
  7. Tell Mozan Urkesh, special topics (PDF)
  8. Ancient Asia: «The Domesticated Horse»
  9. «Ishuwa / Isuwa», Middle East Kingdom, The History Files
  10. Buccellati, Giorgio: «Hurrian Music», Buccellatis nettstad Urkesj (n.p.: IIMAS, 2003).
  11. Ein rekonstruksjon ved Marcelle Duchesne-Guillemin av den einaste vesentlege fullstendige hymnen kan ein høyre på Urkesj-nettstaden, men det er berre eitt av minst fem forsøk på å tolke notane, og kvar av dei gjev eit vesentleg ulikt resultat. West & Duchesne-Guillemin (1975, 1977, 1980, & 1984), konkurrentar er Anne Draffkorn Kilmer (1965, 1971, 1974, 1976, & 1984), David Wulstan (1968), og Raoul Vitale (1982).
  12. West (1994), s. 171.
  13. Güterbock, Hans Gustav (1950): «Hittite Religion» i: Forgotten Religions: Including Some Living Primitive Religions (red. Vergilius Ferm), NY, Philosophical Library, s. 88–89, 103–104
  14. Urkesh an overview
  15. The Semitic Museum: Nuzi and the Hurrians
  16. Tell Brak Learning Sites
  17. Yale Tell Leilan Project, arkivert frå originalen 18. februar 2006, henta 23. mai 2014 
  18. Missione Italiana archaeologica a Tell Barri, arkivert frå originalen 14. juli 2011, henta 23. mai 2014 
  19. ESE Tell Beydar, arkivert frå originalen 9. januar 2006, henta 23. mai 2014 
  20. Upper Tigris Archaeological Research Project, arkivert frå originalen 3. februar 2006, henta 23. mai 2014 
  21. Tell Tuneinir St. Louis Archaeological Expeditions
  22. The Johns Hopkins/University of Amsterdam Joint Expedition to Tell Umm el-Marra
  23. Grabung Tell Chuera
  24. Excavation Hammam al Turkman, Leiden University, arkivert frå originalen 25. april 2007, henta 23. mai 2014 
  25. Dutch Excavation at Tell Sabi Abyad, arkivert frå originalen 3. juni 2008, henta 23. mai 2014 
  26. The Hamoukar Expedition University of Chicago, arkivert frå originalen 8. februar 2006, henta 23. mai 2014 
  27. For the results of the Swiss excavations at Tell al-Hamidiya see, arkivert frå originalen 2. mai 2007, henta 23. mai 2014 
  • Denne artikkelen bygger på «Hurritter» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mai 2014.
  • Asimov, Isaac (1968): The Near East: 10,000 Years of History. Boston: Houghton Mifflin.
  • Chahin, M. (1987): The Kingdom of Armenia. London and New York: Croom Helm. Opptrykk 1991, New York: Dorset Press. Andre reviderte utgave 2001: The Kingdom of Armenia: A History. Richmond, Surrey: Curzon. ISBN 0-7007-1452-9
  • Diakonov, Igor M., & Sergei Starostin (1986): Hurro-Urartian as an Eastern Caucasian Language. Münchener Studien zur Sprachwissenschaft. Munich: R. Kitzinger. ISBN 3-920645-39-1
  • Duchesne-Guillemin, Marcelle (1984): A Hurrian Musical Score from Ugarit: The Discovery of Mesopotamian Music. Sources from the ancient near east, bind 2, fasc. 2. Malibu, CA: Undena Publications. ISBN 0-89003-158-4
  • Gelb, Ignace J. (1944): Hurrians and Subarians, Studies in Ancient Oriental Civilization No. 22. Chicago: University of Chicago Press.
  • Kurkjian, Vahan M. (1958): A History of Armenia. New York: Armenian General Benevolent Union.
  • Mayrhofer, Manfred (1974): Die Arier im Vorderen Orient—ein Mythos? Vienna: Verlag der Österreichischer Akademie der Wissenschaften.
  • Movsisyan, Artak Erjaniki (2004): The Sacred Highlands: Armenia in the Spiritual Geography of the Ancient Near East. Yerevan: Yerevan University Publishers. ISBN 5-8084-0586-6
  • Wilhelm, Gernot (1989): The Hurrians. Aris & Philips Warminster.
  • Wilhelm, Gernot (red.) (1999): Nuzi at seventy-five (Studies in the Civilization and Culture of Nuzi and the Hurrians). Bethesda: Capital Decisions, Ltd.
  • Wegner, Ilse (2007): Einführung in die hurritische Sprache, 2. überarbeitete Aufl. Wiesbaden: Harrassowitz. ISBN 3-447-05394-1
  • Wulstan, David ((1968): «The Tuning of the Babylonian Harp» i: Iraq 30, s. 215–28.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]