Imbolc
Utsjånad
Imbolc eller imbolg er ei gammal keltisk høgtid som ligg midt mellom vintersolkverv og vårjamdøgn, det vil seia i byrjinga av februar (typisk 2. februar på den nordlege halvkula, 1. august på den sørlege) eller ved dei første vårteikna. Høgtida blir også feira av mange nyheidne grupper.
Høgtida var opphavleg tileigna gudinna Brigid, men blei etter innføringa av kristendommen knytt til den kristne heilage Brigid av Irland. Dagen er også kjend som Là Fhèill Brìghde i Skottland, Lá Fhéile Bríde i Irland, og Gŵyl Fair i Wales.
Innan den nyheidne retninga wicca er imbolc ei av dei fire hovudhøgtidene på årshjulet, saman med beltane, lughnasadh og samhain.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Imbolc» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2009.